Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Jobb med to scenebilete

Et rom med et pyntet juletre. Helmer sitter i en stol og leser. Nora Helmer har kommet inn, hun bærer på en handlepose fra en mer eksklusiv butikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Scenebilete 1 frå Et dukkehjem

På biletet over ser du ekteparet Nora og Thorvald Helmer i Ibsen sitt drama Et dukkehjem.

  • Kva held han på med, og kva gjer ho?
  • Sjå nærare på lenestolen Helmer sit i. Ser han dyr eller billeg ut? Moderne eller tradisjonell?
  • Beskriv korleis dei to er kledde, og korleis dei ser ut. Kva fortel kleda om den sosiale statusen deira?
  • Kva tid på året går handlinga føre seg?
  • Skaper lyssetjinga eit varmt eller kjølig inntrykk?
  • Korleis vil du karakterisere stemninga i dette biletet?

Oppgåve 2

Scenebilete 2 frå Et dukkehjem

Sjå på biletet nedanfor og svar på spørsmåla.

  • Igjen ser du dei same personane, i det same rommet, men no er det konflikt mellom Nora og Thorvald. Korleis veit vi kven som kjem med skuldingar, og kven som får skuldingar retta mot seg?
  • Korleis vil du karakterisere kleda til Nora og Thorvald? Kvar kan dei ha vore tidlegare denne kvelden?
  • Korleis understrekar rekvisittbruken at det er ufred i huset?
Scene der Helmer leser brevet som avslører at Nora har forfalsket farens underskrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting