Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Barnet og Gitarmannen av Jon Fosse

Nærbilete av ei ung kvinne som roper eller syng. Ein mann står i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Introduksjon

Jon Fosse (1959–) er den første norske dramatikaren etter Henrik Ibsen som har stor internasjonal suksess. Somme gonger blir han òg omtalt som "den nye Ibsen". Felles for Ibsen og Fosse er i alle fall at dei eksperimenterer med form og innhald i tekstane sine.

I dramaet Barnet (1996) møter vi Fredrik og Agnes, som ventar barn. Gitarmannen (1997) er ein monolog, det vil seie eit stykke for berre éin skodespelar. Du finn begge dramatekstane på Nasjonalbibliotekets nettsider:

Barnet (frå side 293–426 i samlinga Teaterstykke 1, 1991)

Gitarmannen

Oppgåve 1

Jon Fosse: Barnet (utdrag)

Les akt 3 og 4 av Jon Fosses drama Barnet.

  • Kva slags inntrykk får du av Agnes og Fredrik? Korleis prøver dei å takle situasjonen dei har hamna i?
  • Kva slags rolle har sjukesøstera overfor dei to?
  • Kvar er vendepunktet i dramaet?
  • Korleis tolkar du sluttscenen? Kjem det til å gå bra med Agnes og Fredrik eller ikkje? Eller er slutten open?

Oppgåve 2

Jon Fosse: Gitarmannen

Les monologen Gitarmannen, eller sjå han i Ferske Sceners video på Vimeo.

  • Kva er det gitarmannen gjer kvar einaste dag? Kva livnærer han seg av?
  • Kvar er det vi møter han?
  • Han røper etter kvart ein god del om fortida si. Kva får vi vite om han som person og om dei personane som ein gong har stått han nær? Korleis er forholdet hans til dei i dag?
  • Korleis skiftar humøret og stemninga til gitarmannen undervegs i stykket?
  • Kvifor er det sannsynleg at gitarmannen har tenkt dei same tankane mange gonger før?
  • Korleis tolkar du slutten? Kva kjem mannen til å gjere vidare i livet sitt, trur du?
CC BY-SASkrive av Tone Elisabeth Grundvig og Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting