Hopp til innhald

Fagstoff

Personane i dramaet

Karakterane i eit drama har alltid ein nøye gjennomtenkt funksjon, og både hovudpersonar og bipersonar er vesentlege for handlinga.

Hovudpersonar

Hovudpersonane er dei personane vi oppfattar som viktigast i dramaet. Dette er vanlegvis òg dei personane vi identifiserer oss med. Vi lever oss inn i kampen deira mot hindringane og truslane dei møter. I nokre drama finn vi éin klar hovudperson, i andre drama kan fleire personar vere like viktige. I Shakespeares Romeo og Julie til dømes er både Romeo og Julie hovudpersonar. Begge to har same målet, dei ønskjer å kunne leve saman, og dei gjer alt dei kan for å nå dette målet.

Helt og motstandar

Ofte står helten, eller protagonisten, i eit klart motsetningsforhold til ein annan person i dramaet. Denne motstandaren kan vi òg kalle antagonisten. I actionfilmar er antagonisten gjerne ein vondsinna, kriminell person, men i dei fleste drama og filmar er det ikkje slik at helten berre er god og motstandaren berre er vond.

Bilde som viser helten i musikalen Les Miserables, Jean Valjean, og hans hovedmotstander, politimester Javert. Javert  presser skaftet av sabelen sin mot Jean Valjeans hals og truer ham.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bipersonar

Bipersonar kallar vi dei karakterane som har mindre sentrale roller i stykket. Dei er oftast enkle karakterar som går gjennom lita eller inga utvikling og endring. Bipersonar kan til dømes vere støttespelarar for hovudpersonen, dei kan setje i gang handlinga eller drive ho framover. Bipersonar kan òg fungere som parallell- og kontrastskikkelsar til hovudpersonane eller ha ein symbolsk funksjon.

Skuespilleren Mariann Saastad Ottesen i rollen som forloveden til Erasmus, bondedattera Lisbet. Hun har lange fletter og bærer en rosa kjole med rysjer og volanger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individ og typar

Vi skil òg mellom individ og typar. Individ er samansette karakterar med både sterke og svake eigenskapar og med ein unik personlegdom. Dei er dynamiske, dei går gjennom ei utvikling der dei vinn ny innsikt og endrar haldning og åtferd.

Andre dramapersonar blir skildra meir som typar: Dei blir karakteriserte gjennom nokre få, allmennmenneskelege trekk som dei fleste kan kjenne seg igjen i. Hovudpersonane i komediar er gjerne typar.

Jeppe liggende i baronens seng. Han ser helt forfjamset ut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personifiseringar

I enkelte drama finn vi òg personar som representerer abstrakte omgrep, som "døden", "lykka" eller "synda". Slike personifiseringar er enkle, eintydige og statiske karakterar. Vi finn personifiseringar mellom anna i moralspela frå mellomalderen. Den austerrikske forfattaren Hugo von Hofmannsthal tok utgangspunkt i eit slikt moralspel då han skreiv dramaet Kvarmann. Spelet om den rike manns død som kom ut i 1911. Kvarmann er ein rik mann som tenkjer mest på seg sjølv, og som ikkje har altfor mykje omtanke for dei som lid naud. Men så blir han konfrontert med døden og må tenkje gjennom det livet han har levd. I dette stykket opptrer både "Gud", "djevelen", "døden", "trua" og andre abstrakte omgrep som personar.

Enhver og Døden, i dramaet «Jedermann» av Hugo von Hofmannsthal. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Marion Federl og Tone Elisabeth Grundvig.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2018

Læringsressursar

Dramatisk dikting