Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samanlikn dikta!

I denne oppgåva skal du samanlikne dikta "Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas og "Hvilket rom har bare plass til én?" av Gro Dahle.
Gammal tregrind ved ei blomstereng. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstane

Del 1. Forstå dikta enkeltvis

Ein god teknikk når du skal samanlikne dikt, er å først konsentrere deg om det eine diktet og gjere deg opp ei meining om kva det handlar om. Prøv deretter å gløyme dette diktet litt og berre fordjupe deg i det andre diktet. Sjølve samanlikninga konsentrerer du deg om i ein tredje fase.

  1. Først skal du jobbe heilt aleine. Ikkje snakk med andre i klassen: Les dikta "Ord over grind" tre–fire gonger. Skriv ned ei setning som skal samanfatte kva som er tema i diktet: Tema i diktet er ....
  2. Gjer det same med det andre diktet.
  3. Samanlikn med to–tre andre i klassen. Har de skrive det same, eller har de heilt ulike meiningar? Forklar dei andre kvifor de tolka diktet som de gjorde.

Del 2. Kvifor akkurat desse to?

Kvifor er det akkurat desse to dikta som er sette saman? Kva skal eg sjå etter? Det er gode spørsmål å stille seg når du skal samanlikne dikt.

Jobb aleine og skriv ned svar på dette:

  1. Har desse dikta nokon tematiske likskapar?
  2. Er det nokon viktige forskjellar mellom dikta?
  3. Samanlikn svara dykkar med andre i klassen.

Del 3. Nærles dikta

Neste steg er å forstå korleis forfattarane har skrive dikta sine for å formidle tema. Om du har arket framfor deg på papir, må du ha ein penn eller blyant i handa. Viss du ser på skjerm, bør du lime diktet inn i eit dokument der du kan skrive inn kommentarar:

  1. Les først "Ord over grind". Marker alle verkemiddel du synest får fram temaet. Skriv fagomgrepet i margen på arket.
  2. Gjer det same med "Hvilket rom har bare plass til én?".
  3. Oppsummer på tavla: Skriv alle fagomgrepa de i klassen vil bruke om dikta og vis kor i teksten de har funne verkemidla.
Litt hjelp på vegen?
  • Halldis Moren Vesaas bruker grinda som bilete på grensa mellom eg-personen og den andre. Også Gro Dahle bruker eit liknande bilete. Finn det.
  • Biletbruken i dei to dikta er elles ganske ulik. Kva for eit av dikta inneheld mange ulike bilete? Og kva for eit dikt byggjer i all hovudsak på eitt grunnleggjande bilete?
  • Tonen og stemninga i dikta er ulik. Kva for ein eg-person verkar mest nøgd med situasjonen sin?
  • Forholdet mellom "eg" og "du" er ulik i dei to dikta. Forklar.
  • Tekstane har svært ulik ytre form. Gjer reie for forskjellane.
  • Passar den ytre forma diktarane har valt, til innhaldet og stemninga dei vil formidle?

Del 4. Diskuter dikta

Kva vil eigentleg desse dikta seie dykk? Går det an å vere ueinig eller einig med det lyriske eg-et i dikta? Skriv ned eigne argument eller røynsler og diskuter med resten av klassen. Bruk gjerne sitat frå dikta i diskusjonen.

CC BY-SASkrive av Marion Federl og Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse