Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv eller presenter munnleg

Oppgåver

Vel ei av desse oppgåvene:

  1. Skriv ein artikkel der du presenterer og samanliknar dikta " Ord over grind" av Halldis Moren Vesaas og " Hvilket rom har bare plass til én?" av Gro Dahle.
  2. Treng vi alle eit rom heilt for oss sjølve? Kor stort må dette rommet vere? Er vi dømde til å vere einsame inst inne, eller er dette noko vi vel? Og kan vi eigentleg forstå kvarandre fullt ut? Skriv eit personleg essay der du reflekterer over eitt eller fleire av desse spørsmåla. Trekk gjerne inn tekstane til Gro Dahle og Halldis Moren Vesaas og/eller bruk eigne døme. Lag ei overskrift som gjer lesaren nyfiken og som peiker mot hovudpoenget ditt.
  3. Skriv ei forteljing eller eit dikt. Stikkorda for teksten er kommunikasjon, grensesetjing og kjærleik. Hugs å finne ein god tittel.
  4. Lag manus og PowerPoint-presentasjon til eit biletkåseri om temaet "nærleik og avstand". Vel tittel sjølv.

Relatert innhald

Ei vanleg oppgåve i norskfaget er å samanlikne to dikt. Her får du tips til korleis du går fram.

CC BY-SASkrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 13.01.2019

Læringsressursar

Å skrive lyrikkanalyse