Kjenner du til dei grunnleggjande omgrepa om lyrisk form?
Kva er lyrisk form?
Når vi snakkar om forma til eit dikt, meiner vi rett og slett korleis det ser ut. For å beskrive dette bruker vi omgrep som:
- verselinje
- strofe
- avsnitt
- enderim
- bunden form
- strofisk dikt
- fri form
Oppgåve 1 – Sjekk forkunnskapane dine
Kjenner du til dei lyriske grunnomgrepa?
Oppgåve 2
Akkurat som i oppgåve 1 skal du prøve å få grunnomgrepa om lyrisk form til å sitje. Jobb saman to og to og forklar til kvarandre, eller skriv ned ei forklaring aleine.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2020