Oppgåve
Presenter løysinga di på eit berekraftsproblem
Kan fagkunnskapen din vere ein del av løysinga? Og veit du korleis du kan presentere idéane dine på ein måte som gjer at andre trur på dei? Det er viktig for å få hjelp til å realisere dei.
FNs 17 berekraftsmål er eit felles oppdrag til alle land i verda om å få til ei berekraftig utvikling. Kvart mål definerer eit område vi må jobbe med.
Del 1: Finn og vel eit problem
Les om FNs berekraftsmål på FN-sambandet. Sjå først over alle måla. Klikk så på kvart mål og få med deg konkret informasjon om kvart problemområde, i tillegg til fleire delmål.
- Vel deg eit mål du synest verkar relevant til utdanningsprogrammet ditt. Du kan velje eit delmål eller eit av hovudmåla. Tenk på kva slags kunnskapar og evner du har med deg frå yrkesfaga dine som kan vere nyttige når du skal løyse problemet.
- Når alle har valt eit mål, kan de dele dette i klassen. Bli einige om eit mål de kan finne løysingar på ved hjelp av fagkompetansen dykkar.
Del 2: Kva løysingar kan de bidra med?
- Del inn i grupper. Bli einige om reglar for gruppa ved å ta ein runde der alle beskriv kva dei treng for at gruppearbeidet skal fungere. Skriv ned det de blir einige om.
- Diskuter først problemet og situasjonen slik han er i dag.
- La kvart gruppemedlem skrive ned nokre tankar om løysingar på desse problema. Bruk fem minutt på dette.
- Del tankane i gruppene – alle får to minutt kvar til å beskrive idéane sine.
- Korleis kan fagkunnskapen de har, bli brukte til å komme opp med gode løysingar? Søk etter relevant informasjon frå fagbøker og elektroniske kjelder de vurderer som gode.
- Kom fram til eit felles forslag til løysing.
Del 3: Presenter løysinga på ein overtydande måte
- Presenter løysinga for klassen.
- Bruk denne sjekklista for presentasjonen til å gi kvarandre tilbakemeldingar:
- Løysingane er konkrete og gjennomførbare.
- Gruppa har brukt fagkunnskap på ein god måte.
- De får fram idéane på ein tydeleg måte.
- Presentasjonen skaper engasjement.
- De verkar truverdige som fagpersonar.
Du får tips om korleis du kan lage ein god munnleg presentasjon i desse ressursane:
Relatert innhald
Fagstoff
DisposisjonÅ lage ein disposisjon er å skrive ned stikkord til kva du skal seie, i den rekkjefølgja du har tenkt å seie det.
Fagstoff
Munnleg kommunikasjon – eksternKorleis vere profesjonell i den munnlege kommunikasjonen med kundar, brukarar og andre eksterne.