11 kreative tips til framføringar - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

11 kreative tips til framføringar

Her vil du få tips til små triks for å lage meir interessante framføringar.
Video med tips til presentasjoner. Video: Kolbjørn Hoseth Larssen / CC BY-SA 4.0

Klassiske framføringar

Har du nokon gong brukt 90 minutt på å høyre andre i klassen halde foredrag? Kor mykje hugsar du eigentleg etter ein slik time? Ofte viser det seg at alle foredraga er veldig like: Elevane går opp framfor klassen, snakkar medan dei trykkjer seg framover på ein Powerpoint og går ned igjen og set seg. Etter timen hugsar ingen nokon ting av det nokon har sagt.

Men det vere slik? Kva om læraren din hadde gjort det same? Haldt foredrag i 90 minutt utan å snakke med dykk? Årsaka til at så mange gjer det på denne måten, er nok at dei tenkjer at det er slik læraren vil ha det. Men læraren din vil nok aller helst at dei andre elevane i klassen lærer noko av foredraget ditt.

Kven er målgruppa?

Her vil du få ei innføring i korleis du kan gjere framføringar meir kreative og interessante. Ein god innfallsvinkel til foredrag er å tenkje at dei andre elevane i klassen er målgruppa, ikkje læraren din.

Metode 1: Engasjer medelevane dine

Eit godt tips for å "vekkje" dei andre i klassen og skape interesse for foredraget er å engasjere dei på ulike måtar. Dette kan vere både før, undervegs og etter framføringa.

Tips 1: Spel på førehandskunnskapane

Før du skal halde eit foredrag, spør medelevane dine om kva dei kan om emnet frå før. Skal du snakke om drivhuseffekten og berekraftige energikjelder, kan du spørje: "Kva energikjelder trur de er gode for miljøet?". Skriv gjerne ned svar på tavla, så kan du vende tilbake til dei i foredraget.

Tips 2: Lag før- og etter-quiz

Skal du lage ein presentasjon som tek for seg mykje fakta, kan det vere ein god idé å starte med fem enkle faktaspørsmål for å vekkje merksemda til medelevane. Kor mykje kan dei om emnet frå før? Så kan du fortelje dei at du køyrer same quizen når foredraget er slutt. Kanskje vankar det ein premie til vinnaren?

Tips 3: Lag undervegstestar

Testar er enkle og kjappe å gjennomføre. Viss foredraget ditt handlar om parti i Noreg, kan du leggje inn testar undervegs. Det kan vere enkle spørsmål der elevane skal svare ja/nei på påstandar som "Framstegspartiet vil ha høge skattar". Medelevane dine vil garantert hugse Framstegspartiet sin skattepolitikk betre om dei må tenkje gjennom spørsmålet på eiga hand, enn om du berre skulle sagt det som del av ein monolog.

Tips 4: Still spørsmål undervegs

I staden for å halde ein 15 minutt lang monolog, kan du stoppe opp innimellom med nokre spørsmål. Sjå for deg at du lyttar på ei framføring om samisk språk. Kva om du får spørsmålet "Veit de om alle samar snakkar eitt språk?". Då blir du tvinga til å tenkje gjennom dette spørsmålet. Det er gode sjansar for at du vil hugse svaret langt betre enn om opplysninga berre kjem som ein del av ein større ordflaum.

Tips 5: Legg inn korte diskusjonsoppgåver

Det er ikkje sikkert du har all verdas tid på deg til å halde foredraget ditt, men prøv å leggje inn ei kort diskusjonsoppgåve eller to for å aktivere medelevane. Viss du skal snakke om ulike forventningar og press ungdom opplever i kvardagen, kan du be dei andre i klassen bruke 30 sekund i par på å bestemme seg for kva dei meiner skaper mest press. Dette er til dømes ein god metode like før du skal vise forsking eller statistikk. Kanskje meiningane til klassen samstemmer heilt med statistikken? Eller kanskje blir dei overraska over resultata du viser etter diskusjonsoppgåva?

Tips 6: Ha avstemmingar

I staden for diskusjonar kan du òg ha avstemmingar og vise resultatet framfor klassen. Du kan telje hender eller bruke digitale program, som til dømes mentimeter.com.

Tips 7: Legg inn rollespel

Om de er fleire som skal framføre i ei gruppe, er det å leggje inn små rollespel interessante avbrekk for dei som høyrer på. Viss du presenterer ein roman, ei novelle eller eit drama, kan de til dømes framføre ein scene frå teksten og kommentere han etterpå. Om emnet er "For eller i mot vindmøller", går det òg an å lage korte scenar der konfliktlinjene blir framførte som eit rollespel. Det kan ofte vere enklare å forstå og hugse enn om du berre fortel om det dei ulike sidene er ueinige om.

Metode 2: Visualiser det du skal presentere

Har du nokon gong tenkt over at måten du held foredrag på, bør tilpassast det du skal snakke om? Av og til kan det vere tavla passar betre enn ein powerpoint. Eller kanskje det er lurare å bruke film eller ein modell?

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 01.11.2022