Norsk (SF vg2)
Bygger på:Norsk (SF vg1)
Leier til:Norsk (SF vg3)
Skriftleg tekstskaping
Når du skriv, har du tid til å planleggje, endre og forbetre teksten din. Til gjengjeld må du vere endå meir mottakarmedviten enn når du snakkar, for lesaren kan ikkje spørje deg om noko skulle vere uklart. Ein velskriven tekst er til hjelp for lesaren – og mykje morosamare å lese!
Bli ein betre skrivar
Å skrive godt er ei grunnleggjande evne du vil ha nytte av heile livet. Det gjer det mogleg for deg å kommunisere både på jobb, når du studerer og privat. Du vil jo at folk skal forstå deg! Her vil du finne både tips og reglar for å bli ein betre skrivar.