Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis gi kvarandre gode tilbakemeldingar?

Å byte tekstar med andre i klassen for å få tilbakemelding er god læring. Du får eit anna blikk på eigen tekst, men også innsikt i korleis ein annan har løyst same oppgåve som deg. Her vil du få tips om korleis du skal gi og få tilbakemeldingar.
Kvinne peikar på ark og vender seg til ung mann i klasserom. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kvifor gi kvarandre tilbakemelding?

Karl Ove Knausgård-portrett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Veit du kva dei aller beste forfattarane våre gjer før dei gir ut ei bok? Dei får andre til å lese teksten og gi dei tilbakemeldingar. Dessutan har alle forlag tilsett korrekturlesarar som skal lese gjennom teksten ein siste gong før han blir gitt ut. Ein "profesjonell" tekst er altså lesen av langt fleire enn berre forfattaren når han kjem ut.

Sjekk om du når fram med tankane dine

Kvinne held opp ein plakat med bilete av ei lyspære. Foto.

Skriving er ein fascinerande prosess. Det heile startar i hovudet ditt som tankar. Så skal du formulere desse tankane skriftleg. Den som les tankane dine, i skriftleg form, er mottakaren. Det er hen du skriv til, ikkje deg sjølv.

Det som kan skje i denne prosessen, er at den klare tanken du skreiv ned, ikkje verkar klar for mottakaren. Det er nettopp derfor du skal få ein annan til å lese ein tekst før du leverer han inn. Den som les teksten, kan fortelje deg korleis han verkar for mottakaren og hjelpe deg med å formidle tankane på best mogleg måte.

Ta omsyn når du gir tilbakemelding

Hugs at den som har skrive teksten du gir tilbakemelding på, kan bli lei seg. Det er derfor svært viktig at du er forsiktig og tenkjer deg godt om når du ordlegg deg.

Men lær deg å godta tilbakemelding...

Jente jobbar på datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi menneske er skapte slik at vi tek i mot tilbakemeldingar på ulikt vis. Somme blir glade for hjelp til å forbetre eigen tekst, medan andre tek det som kritikk og blir sure eller leie seg.

Det å lære seg å ta i mot råd om forbetring er òg ein viktig jobb i prosessen. Lær deg at tilbakemeldinga ikkje er ein kritikk av deg som person, og at andres blikk på teksten er eit verdifullt tilskot i skriveprosessen.

Diskuter med ein medelev:

Korleis vil du definere deg sjølv? Er du alltid open for andre si tilbakemelding, eller synest du det er vanskeleg, sidan du oppfattar tilbakemeldingar som kritikk?

To måtar å gi tilbakemeldinga på

De kan organisere prosessen på to ulike måtar – anten som ein open prosess der de veit kven som gir tilbakemelding – eller anonymt. Det er fordelar og ulemper med begge.

Metode 1. Open og munnleg tilbakemelding

Lærar snakkar med to elevar i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelen med denne metoden er at de får snakka saman når de skal gi tilbakemelding. Då kan de unngå eventuelle misforståingar. I tillegg vil dei fleste vere meir omsynsfulle når dei veit kven dei skriv til, enn når mottakaren er anonym. Ulempa kan vere at du blir så omsynsfull, at du eigentleg ikkje gir konstruktive tilbakemeldingar på kva som kunne vore betre.

Framgangsmåte:

  1. Start med å skrive ned to–tre moment du vil at lesaren skal leggje merke til. Kanskje er du usikker på om du har lykkast med innleiinga? Eller plar du å få tilbakemelding av læraren din om at du ofte har dårleg flyt i språket? Be lesaren leggje merke til dette når hen les.

  2. Byt tekstar. Når du les, bør du både notere undervegs i teksten og til slutt. Pass på at du kommenterer det skrivaren har bede deg om å vere observant på. Men gi òg tilbakemelding på andre moment du synest er viktige. Det er ikkje alltid vi sjølv legg merke til våre eigne feil, nemleg.

  3. Avslutt med å setje dykk saman og gi kvarandre tilbakemelding munnleg, i tillegg til den skriftlege responsen i teksten.

Metode 2. Anonym tilbakemelding

Ung jente sit igjen aleine i klasserommet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er ingen tvil om at det å snakke saman om tekstane, er ein fordel. Men ikkje alle er komfortable med at andre elevar i klassen skal lese tekstane deira. Kanskje manglar dei sjølvtillit og skammar seg over språket sitt? Då bør tilbakemeldinga organiserast anonymt. Det har dessutan den fordelen at mange tør å gi ærlegare tilbakemeldingar enn om mottakaren er kjend.

De følgjer same framgangsmåte som ved open tilbakemelding, men må naturleg nok sløyfe den siste samtalen. Det er læraren dykkar som må organisere anonym utveksling av tekstane.

Gode tips når du skal skrive tilbakemeldingar

Korleis bør du gå fram for å skrive gode tilbakemeldingar til medeleven din? Her får du tre gode tips:

Tips 1: Bruk vurderingskriteria

Læraren dykkar har laga vurderingskriterium til teksten. Finn desse fram og bruk dei når de gir tilbakemeldingar. Ikkje berre får du gitt medeleven din målretta respons, du vil òg kunne reflektere over om din eigen tekst gjer det han skal ifølgje kriteria.

Tips 2: Ordlegg deg omsynsfullt og konkret

Boksehanske på en stålfjær skytes ut fra skjermen på en bærbar datamaskin. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis trur du det blir opplevd å få tilbakemeldingar som "Kan du ikkje stave, eller?" eller "Du skriv så dårleg, at eg ikkje skjønar kva du meiner"? For det første blir du lei deg, og for det andre lærer du ingenting. Derfor er det viktig at du både er venleg og konkret i tilbakemeldingane dine.

Dette er døme på konstruktive og omsynsfulle tilbakemeldingar:

  • Eg foreslår at du bruker eit anna døme her fordi ...

  • Kanskje du heller kan skrive ... fordi ...

  • Dette ordet trur eg du bør droppe fordi ...
  • Ein annan måte å formulere dette på kan vere ...
  • I dette avsnittet bør du setje inn ...

Sluttkommentaren

I tillegg til kommentarar i teksten bør du skrive ei kort oppsummering til slutt. Oppsummer gjerne punktvis.

Sjå på dømet under. Legg du merke til at den første tilbakemeldinga er lite konstruktiv, medan den andre er både konkret og fagleg?

Svak tilbakemelding:

Skikkeleg bra tekst, særleg at du brukte så mange sitat. Men svært dårleg språk og innleiing. Sjå gjennom ein gong til.

Kvifor er denne tilbakemeldinga svak?

Ho seier kva som er dårleg utan å gi råd om kva som kan bli betre. Tilbakemeldinga er òg vag og bruker ikkje fagomgrepa frå vurderingskriteria.

God tilbakemelding:

  1. Det beste med teksten din er at du bruker sitat på ein så god måte når du grunngir kvifor dei ulike karakterane gjer som dei gjer. Det gjer at eg forstår vala deira, og du får til ein svært fin analyse.

  2. Det aller viktigaste du bør jobbe med før du leverer, er setningskoplarar. Les gjennom teksten ein gong til og tenk over korleis du kan skape betre flyt mellom setningane. NB! Sjekk det andre avsnittet i hovuddelen din. Der får du det til. Meir som dette!

  3. Eit anna godt tips: Kan du endre litt på innleiinga og avslutninga, slik at desse heng betre saman? Du kan prøve å lage ein sirkelkomposisjon, slik at du bind saman teksten. Til dømes går det an å avslutte innleiinga med eit spørsmål, for så å vende tilbake til det i avslutninga.

Kvifor er denne tilbakemeldinga god?

Ho er konkret og gir gode tips om kva som kan forbetrast, og korleis det kan gjerast. I tillegg bruker ho fagomgrep som bevisstgjer mottakaren.

Tips 3: Gi ros!

Ung mann sit bak ein dataskjerm med hendene bak hovudet og smiler. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å gi ros er minst like viktig som å peike på det som kan bli betre. Det handlar ikkje berre om å gjere mottakaren glad, men å få hen til å halde fram med det hen er god til. Om du skriv "I dette avsnittet har du vore svært god til å bruke setningskoplarar for å skape flyt", så er det store sjansar for at medeleven din vil bite seg merke i det og halde fram med setningskoplarar som skaper flyt.

Ekstratips:

Marker rosen med ein positiv farge: Om alle positive tilbakemeldingar til dømes blir markerte med grønt, lyser rosen mot medeleven din når hen opnar teksten for å lese tilbakemeldingane.

Gode tips når du skal gi og få munnleg tilbakemelding

Bestem dykk for kva tekst de skal gi tilbakemelding på først. Det er lurt å ta for seg ein og ein tekst, heller enn å gå fram og tilbake mellom dei to tekstane.

Tips 1: Ordstyring

Den som har skrive tilbakemeldinga på teksten de skal gjennomgå først, startar. Start med det du har skrive nedst i dokumentet for å gå gjennom hovudpunkta i tilbakemeldinga. Om skrivaren treng å bli forklart kva du meiner, så kan du vise til konkrete døme frå teksten.

Det er viktig at den som får responsen, ber om grunngivingar om det er noko hen ikkje skjønar. Om tilbakemeldinga er "Eg likte ikkje avslutninga", så bør du spørje "Kva kunne eg gjort annleis?"

Tips 2: Ver raus med rosen

Byrj gjerne med det positive. Fortel kva du likte med teksten og vis gjerne til dei delane som imponerte deg mest. Den som får tilbakemeldinga, vil garantert ønskje å få til meir av det gode.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.03.2021

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar