Hopp til innhald

Skriftleg tekstskaping

Når du skriv, har du tid til å planleggje, endre og forbetre teksten din. Til gjengjeld må du vere endå meir mottakarmedviten enn når du snakkar, for lesaren kan ikkje spørje deg om noko skulle vere uklart. Ein velskriven tekst er til hjelp for lesaren – og mykje morosamare å lese!

Å skrive lyrikkanalyse

Lyrikk er ofte ganske korte tekstar med fortetta betyding. I ein lyrikkanalyse skal du avdekkje korleis verkemiddel i form og språk blir brukte for å formidle ei stemning eller ein bodskap.