Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag hypotesar og problemstilling om Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Etter å ha lese Sagaen om Gunnlaug Ormstunge skal du lage hypotesar og problemstilling om eit valfritt emne.
Ungdommar sit rundt bord i kafe og diskuterer. Dei har blanke snakkebobler over hovuda. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktig informasjon

I denne ressursen vil du møte to måtar å velje emne og problemstilling på. Den eine vegen gir deg moglegheita til å velje emne og problemstilling til sagaen heilt fritt. Men om du synest det er vanskeleg å få det til utan hjelp, vil den andre vegen foreslå både tema og problemstillingar. Du finn dette i kollapsboksar under kvar oppgåve.

Del 1: Skriv ned tema

No skal de fordjupe dykk i eitt av temaa i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Målet er at de sjølv skal velje, men at de skal samarbeide med andre som er interesserte i det same temaet:

  1. Skriv ned det temaet du synest vil vere mest interessant å fordjupe deg i om Sagaen om Gunnlaug Ormstunge på ein lapp. Skriv namnet ditt under.

  2. Ein i klassen samlar inn alle lappane og skriv namn og tema på tavla.

  3. Organiser grupper eller par ut frå temaa som står på tavla. Om nokon er aleine om eit tema, kan dei velje om dei vil jobbe aleine eller gå inn på ein av dei andre gruppene

Kva tema kan vere aktuelle?
  1. Mannsrolla i norrøn tid

  2. Kvinnerolla i norrøn tid

  3. Kjønnsroller i norrøn tid

  4. Heltar og ideal

  5. Skam og ære i ættesagaer og i dag

  6. Tru og overtru hos vikingane

  7. Korleis løyste vikingane konfliktar?

  8. Familien i sagalitteraturen og i dag

  9. Kjærleik i sagalitteraturen

  10. Er sagaene sanne?

Del 2: Lag hypotesar og problemstilling

No er de sett saman i grupper, par eller jobbar aleine ut frå kva tema de har valt. Vidare er målet å lage både ein hypotese og ei problemstilling om temaet de skal utforske. Det som er viktig, er at de lagar ein hypotese som er mogleg å støtte eller avkrefte og ei problemstilling de kan finne eit svar på ved å lese primær- og sekundærlitteratur.

  1. Lag ein eller fleire hypotesar om emnet de/du skal utforske. Hypotesane skal ta utgangspunkt i historia om Gunnlaug Ormstunge.

  2. Lag ei problemstilling til emnet. Problemstillinga skal ta utgangspunkt i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge.

  3. Få læraren til å sjå på hypotesen og problemstillinga for å rettleie dykk vidare eller godkjenne dei.

Litt hjelp på vegen?

Forslag til hypotesar:

  • Kvinner i sagalitteraturen kunne ikkje bestemme noko over eige liv.

  • Kvinner i sagalitteraturen hadde fridom til å gjere som dei ville.

  • Mannlege heltar i sagalitteraturen var aldri feige.

  • Dei islandske ættesagaene viser at vikingane var svært opptekne av ære og skam.

  • Hemn var eit viktig motiv i ættesagaene.

  • Alle konfliktar i sagaene blei løyste ved holmgang.

  • Alt som står i sagaene, har skjedd i røynda.

Forslag til problemstillingar som er moglege å drøfte ved å lese sekundærlitteratur:

  • Er Helga typisk for kvinnerolla i sagalitteraturen?

  • Korleis var kvinnerolla i vikingtida samanlikna med i dag?

  • Liknar heltane i norrøne sagaer på helteideala våre i dag?

  • Kva kan Sagaen om Gunnlaug Ormstunge seie oss om måten vikingane løyser konfliktar på?

  • Er måten ætta blir framstilt på i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge typisk for vikingtida?
  • Kva rolle spelte slekt og familie i vikingtida, og kva rolle speler desse i dag?
  • Korleis viser Sagaen om Gunnlaug Ormstunge kva som var skam- og ærefull åtferd i vikingtida?
  • Kva skam- og æresideal fanst i vikingtida, og er dei framleis aktuelle i dag?
  • Kva fortel Sagaen om Gunnlaug Ormstunge oss om forholdet vikingane har til tru og overtru?
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2021

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag