Presenter Gunnlaug Ormstunge for klassen
Korleis skal de gå fram for å lage ein god presentasjon der de svarer på ei problemstilling om Gunnlaug Ormstunge?
Tipsa under tek utgangspunkt i at de jobbar i grupper, og at de svarer på problemstillinga og støttar eller avkreftar hypotesane i løpet av ti minutt. Det krev at de droppar mykje utanomsnakk og går rett på å svare på problemstillinga. Ein lengre presentasjon av teksten er unødvendig, så lenge klassen har lese den same teksten som dykk.
Tips 1: Presenter tema, problemstilling og hypotesar
Start med å presentere temaet, problemstillinga og hypotesane dykkar. Forklar i tillegg kvifor de enda opp med akkurat desse hypotesane og denne problemstillinga.
Døme:
Tips 2: Rett på sak – gå til litteraturen
Ikkje bruk mykje tid på utanomsnakk, men prioriter tida til å svare på problemstillinga. Når de skal vise korleis de fann svar i primærkjelda, altså sagaen, bør de
vise sitat frå sagaen til dei andre elevane
drøfte korleis sitatet svarer på problemstillinga dykkar
drøfte om sitat styrkjer eller svekkjer hypotesane dykkar
Døme:
Tips 3: Bruk sitat frå sekundærlitteraturen
Også sitat frå sekundærlitteraturen bør du vise til medelevane.
Følg opp med å kommentere sitatet: "Som vi ser, viser denne kjelda at skildringa av Helga er typisk for sagalitteraturen...." eller "Denne kjelda viser det motsette av det som skjer i Sagaen om Gunnlaug Ormstunge".
Døme:
Tips 4: Avslutt med å svare på problemstillinga og stadfeste eller avkrefte hypotesane
I avslutninga bør de avrunde og vende tilbake til problemstillinga og hypotesane som blei viste fram i starten av presentasjonen. Det er viktig å prøve å gi tydelege svar på desse. Men hugs at det ikkje er sikkert de finn sikre svar. Då må de gjere det klart kva som var vanskeleg å finne ut av, og kvifor det var det.