Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Førlesing og hypotesar om Gunnlaug Ormstunge

I utforskande lesing går de innom førlesingsfasen før lesinga. De skal diskutere forventningar og aktivere forkunnskapen dykkar om emnet de skal lese. I tillegg skal de lage ein hypotese med utgangspunkt i ein draum!
Ein mann med eit djupt kutt i hovudet, skjegg og ein skinnfell rundt seg ser i kamera medan han hled opp ei øks. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Forventningar til Sagaen om Gunnlaug Ormstunge

Sit i grupper og diskuter:

  1. Tittelen på teksten de skal lese er Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Kva trur de teksten kjem til å handle om? Lag gjerne kvar dykkar forventningssetning som de kan vende tilbake til etter at lesinga er ferdig. Fullfør setninga "Eg trur sagaen kjem til å handle om..."

  2. Handlinga i sagaen går føre seg på Island, i Noreg, i Sverige og dei britiske øyane rundt 1000-talet. Kva veit de om menneska og samfunnet i Norden og i England på 1000-talet?

  3. Handlinga går føre seg i vikingtida. På denne tida fekk menneske ofte tilnamn etter utsjånad og åtferd. Lag ei liste over korleis de trur hovudpersonen Gunnlaug Ormstunge kjem til å vere basert på tilnamnet hans.

Oppgåve 2. Lag hypotesar med utgangspunkt i ein draum

Å lage ein hypotese med utgangspunkt i ein draum kan høyrast lite vitskapleg ut, men vikingane var svært overtruiske og meinte draumar spådde framtida deira. Dermed vil ein draum i ein saga ofte fungere som eit frampeik om kva som skjer vidare i teksten.

Kvifor lage hypotesar?

Når du lagar ein hypotese, vil du ofte få meir retning i lesinga di. I dette tilfellet lagar vi òg hypotesar fordi det er spennande å sjå om nokon av dykk klarer å tolke Torsteins draum og slik spå kva som skjer vidare i sagaen.

Kva er ein hypotese?

Ein hypotese er ein antakelse om ein samanheng. Når du skal utforske eit fenomen, kan du byrje med å setje opp ein eller fleire hypotesar for det du trur kan vere samanhengar eller lovmessigheiter. Ein hypotese er altså ei kvalifisert gissing. Du veit enno ikkje kva løysinga er, men du har ein idé. Ein hypotese må utformast slik at han kan falsifiserast. Det vil seie at det må vere mogleg å avgjere om han er sann eller ikkje.

Kjelde:

Vårdal, L. & Bøhle, K. (u.å): "Fra hypotese til teori" på Ndla.no.

Les kapittel 1–2

Diskuter i plenum:

  1. Kva er det som har skjedd i desse to første kapitla? Hugs å fortelje att Torsteins draum.

  2. Torsteins draum skal altså vere eit varsel om kva som skjer, og dermed om handlinga i resten av sagaen. Lag ein hypotese om kva som kjem til å skje vidare i teksten. Lever deretter denne inn til læraren. Når de er ferdige med å lese sagaen, skal de sjekke om hypotesen dykkar stemde.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2021

Læringsressursar

Presentasjonar og foredrag