Dagleg kontroll av køyretøy
I § 23 i vegtrafikklova står mellom anna følgande:
Før kjøringen begynner, skal føreren forvisse seg om at kjøretøyet er i forsvarlig og forskriftsmessig stand og at det er forsvarlig og forskriftsmessig lastet. Han skal sørge for at kjøretøyet også under bruken er i forsvarlig stand og forsvarlig lastet.
Dette betyr at du som sjåfør alltid må sjekke køyretøyet grundig før du reiser ut i trafikken. Det er sjåføren som er ansvarleg for at køyretøyet er i orden, og at lasta er sikra.
I tillegg er det viktig å sjå til at bilen er godt halden ved like. Fyll til dømes på motorolje eller kjølevæske om det er lite igjen.
Godt vedlikehald, driftssikkerheit og økonomi heng saman. Du vil nødig bli ståande langs vegen med havari, derfor er godt vedlikehald det beste førebyggande tiltaket. Det er viktig å følge servicar og å gjennomføre dagleg kontroll av lastebil og eventuelt hengar. Slik kan du oppdage og utbetre feil før dei blir til eit stort problem.
Hugs at havari på køyretøy ikkje blir rekna som "force majeure". Ein kan derfor bli erstatningspliktig om godset blir forseinka eller øydelagt på grunn av havari.
Denne videoen viser deg korleis du gjennomfører dagleg kontroll av lastebil.