Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
Planlegging av godstransport

Fagartikkel

Planlegging av løfteoppdrag

Løfteoppdrag krev noko meir planlegging enn vanlege godsoppdrag. Dømet vårt i denne artikkelen er eit transportoppdrag for lastebil med kran. Lasting og lossing blir utførte som løfteoperasjonar.

Planlegging

Når du planlegg ein tur med kranbil, må du ta akkurat dei same forholdsreglane for transportdelen som ved andre godsoppdrag: Du må ta høgde for køyre- og kviletid, lastsikring, vektfordeling, eventuelt -bevis osb.

Men når det gjeld sjølve løftejobben, må du setje deg inn i kva du treng av dokumentasjon på kran og fører. Du må også vite kva slags utstyr du må ha med deg.

Ofte er det snakk om eit kombinert transport- og løfteoppdrag: Godset skal løftast opp på kranbilen og transporterast, og så skal det løftast av på ein ny stad. Vanlegvis har kranbilar lasteplan til å transportere varer, og gjerne ein tilhengar for å få med meir gods. Nokre kranbilar er semivogntog, der krana sit på trekkvogna, og semitraileren blir nytta til å frakte gods.

Vanlege oppdrag med kranbil

Løfteoppdrag er ofte transport av båtar, brakker, maskinar eller store delar som stålprofilar. Lasta skal ofte hentast eller bli levert på stader der det ikkje er tilgang på utstyr til å laste og losse store kolli.

Det er også veldig vanleg å bruke kranbil til å transportere byggevarer som skal leverast på byggeplass, til dømes treplankar og murstein eller utstyr og verktøy. Det kan vere takstolar som blir heiste rett på plass på toppen av eit bygg, eller vindauge som blir løfta til rett etasje.

Andre gonger kan kranbilen brukast til reine løfteoppdrag. Då blir bilen gjerne ståande på ein byggeplass og blir brukt til å løfte element og andre ting som skal monterast på bygningar. Slike oppdrag kan strekke seg over fleire dagar.

Dei større kranbilane har etter kvart byrja å overta for mobilkraner, og bilane med dei største kranene har knapt kapasitet til å frakte gods fordi krana tek nesten alt av nyttelasta til bilen. Desse bilane er konstruerte for reine løfteoperasjonar, ikkje for transport.

Dokument og godkjenningar

Kraner skal vere CE-godkjende og ha samsvarserklæring. Dei er underlagde sakkunnig kontroll og skal kontrollerast av uavhengig sakkunnig verksemd kvar 12. månad. Kontrollen må dokumenterast, og eigar skal ha sertifikat og dokumentasjon tilgjengeleg. Krana blir vanlegvis merka med ein oblat (eit klistremerke) som viser når kontrollen er utført.

Løftereiskap skal vere merkt med løftekapasitet og andre påkravde opplysningar. Det skal vere merkelapp på stroppar, og merkebrikke på kjetting.

Løftereiskap som stroppar, kjetting, wire og sjaklar som blir brukte til løft, skal ha sakkunnig kontroll ein gong i året. Også denne kontrollen må sjølvsagt kunne dokumenterast. Kjetting og sjaklar blir som regel merkte med ein farge som indikerer kva år dei sist er kontrollerte. Då blir det spraya på eit merke i "årets farge", som er definert på førehand. Slik kan brukar raskt sjå om utstyr er godkjent. Fargen for 2023 er til dømes grøn, fargen for 2024 er blå osb. Om utstyret har fått kvit merking av kontrollør, er det underkjent og skal kasserast.

Kompetansebevis

For å føre lastebilkran må du ha gått gjennom sertifisert opplæring og ha kompetansebevis for G8-lastebilkran. Du må også ha dokumentert utstyrsspesifikk opplæring på den aktuelle krana eller krantypen.

I dokumentet "Normer for kontrollomfang" (PDF frå Arbeidstilsynet) finn du fleire detaljar om kontroll, dokumentasjon og merking.

Dagleg kontroll av løfteutstyr

Før du som sjåfør reiser ut på oppdrag der du skal utføre løft, må du kontrollere utstyret: Sjekk krana for oljelekkasjar, sprekk, manglande boltar og splintar. Sjekk også at det ikkje er skadar, deformasjonar eller rustangrep på kran, innfesting eller tilhøyrande komponentar.

Også løftereiskap må sjekkast. Sjå til at stroppar er heile og utan kuttskadar, utan skadar i saumer eller brennemerking, og at alt utstyr har merking eller merkelapp.

Kjetting må sjekkast dagleg før bruk. Han skal ha minst Grade 80-kvalitet, og han skal ha merkeplater og vere utan skadar og deformasjonar.

Hugs å sjekke at alt utstyr har gått gjennom sakkunnig kontroll og er godkjent. Sjå etter årets fargekode på kjetting og sjaklar.

Planlegging og utføring

Når du planlegg løfteoppdraget, må du bruke opplysningane du får frå køyrekontoret. Vekta på godset er ein veldig viktig faktor, ikkje berre med tanke på vektfordelinga på akslingane, men også når det gjeld vekta av sjølve løftet. Forviss deg om at krana har løftekapasitet til å utføre løftet, og pass på at du har med deg formålstenleg og godkjent løftereiskap til å løfte det aktuelle godset.

Du må også vurdere grunnforholda på lasteplassen, for bilen må stå stabilt. Legg gjerne underlagsputer under støttebein slik at grunnen ikkje gir etter. Du bør heller ikkje stå for nær grøftekantar o.l. Før du løftar krana, bør du sjå deg godt rundt etter eventuelle hindringar, til dømes straum- og telefonleidningar. Elles bør du bruke personleg verneutstyr og passe på at både du sjølv og andre kan kjenne seg trygge.

Relatert innhald

CC BY-SA 4.0Skrive av Arne Skrede.
Sist fagleg oppdatert 02.05.2022