Hopp til innhald

Fagstoff

Beredskapsplan for ran

Dersom bedrifta du jobbar i skulle bli utsett for eit ran, er det godt å vere førebudd og vite kva du skal gjere. Les meir om korleis du bør opptre under eit ran, og om ettervern.

Kva slags beredskap treng vi i samband med eit eventuelt ran? For å vurdere det må vi gjennomføre ei risikovurdering, og i dette arbeidet er statistikk eit godt hjelpemiddel.

Beredskapsplanar for ran blir bygde opp på same måte som andre beredskapsplanar. Vi byggjer opp eit operativt team som skal tre i kraft ved eit eventuelt ran.

Kva gjer vi når bedrifta blir utsett for ran?

Under rana

Når ranet først har oppstått, må vi følgje instruksar for situasjonar med ran. Dei vanlegaste hovudpunkta i ein ransinstruks er:

  • Gjer som ranaren seier – følg ordrar.
  • Ikkje spel heilt.
  • Forsøk å ta vare på roa.
  • Ikkje lyg for ranaren.
  • Utløys ransalarmen berre dersom ranaren ikkje kan sjå det.
  • Forsøk å observere mest mogleg: åtferda til ranaren, klede, språk, hudfarge og spesielle kjenneteikn.

Drøft i klassen

  • Kva er formålet med dei fem punkta?

  • Reduserer dei fem punkta noka form for risiko?

Etter ranet

Ransinstruksen er beredskapsplanen for framferd under sjølve ranet. Men kva med tida like etter ranet?

Det må òg utarbeidast ein del i beredskapsplanen som inneheld instruksar for dei tilsette som opplever ranet. Fleire av dei må utføre ein del oppgåver umiddelbart etter at ranet er over.

Det er viktig med gode planar for kva vi skal gjere umiddelbart etter eit ran. Vi må

  • ta hand om skadde
  • sikre spor
  • varsle politi og leiarar
  • om det er mogleg, stengje lokala

Ettervern

Heldigvis viser statistikken at det er sjeldan personar blir alvorleg fysisk skadde under ran i Noreg. Den emosjonelle delen kan derimot vere svært alvorleg, sidan eit ran er ein svært skremmande og dramatisk situasjon for dei som blir utsett for det.

Den tredje delen i beredskapsplanen handlar om ettervern. Som ved andre traumatiske hendingar, til dømes brann, må vi sjå menneska i situasjonen. Både tilsette, kundar, pårørande og vitne kan trenge hjelp umiddelbart etter hendinga. Dei som treng det, skal ha hjelp så lenge dei har behov for det.

Kontakt med media

Mediekontakten bør gjerast av ein person som er trena i dette. Ofte blir pressa vist til politiet i slike situasjonar, men ein representant for bedrifta som var utsett for ranet, må sannsynlegvis før eller sidan uttale seg til pressa. Vedkommande bør vere godt førebudd.

Hugs at det viktigaste for pressa er å få svar på korleis det går med dei som vart utsette for hendinga. Den som har kontakt med media, må vege sine ord nøye. Hen må ikkje bryte teieplikta, både når det gjeld personopplysningar, og når det gjeld tryggingsrutinane i bedrifta. Det er viktig å ha ein plan for kva vi skal seie og ikkje seie til pressa i slike situasjonar.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Pål-André Hansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 26.05.2021

Læringsressursar

Beredskapsplan