Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

På den sikre sida

Ein beredskapsplan kan vi kalle ein instruks i krisehandtering. Denne instruksen tek utgangspunkt i risikoanalysen for ei bestemd bedrift og kan vere veldig ulikt for ulike bedrifter. I denne oppgåva skal de finne ut kva hendingar som bør vere med i ein beredskapsplan for eit kjøpesenter.

Sjå gjennom filmen og noter punkt for kva ein beredskapsplan bør innehalde, og grunngi kvifor dette bør vere med.

Oppgåve

  1. Forklar med eigne ord kva ein beredskapsplan er, og kva funksjon han har for bedrifter.

  2. Fortel kva for nokre uønskte hendingar de meiner eit kjøpesenter bør ha med i beredskapsplanen sin.

  3. Foreslå tre eller fleire uønskte hendingar som bør inngå i beredskapsplanen for dei lokale kjøpesentera dykkar.

  4. Vel ut ei av dei uønskte hendingane, og lag ei beredskapsøving for denne hendinga.

Tips til lærar

Oppgåve 4 kan løysast på ulike måtar, som til dømes

  • enkle skisser til ei beredskapsøving

  • rollespel i klassen

  • ei faktisk øving på skulen

CC BY-SASkrive av Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 13.05.2022

Læringsressursar

Beredskapsplan