Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Spel pandemispelet

Eit ukjent virus har blitt oppdaga i Kongsland. I dette spelet har du rolla som smittevernansvarleg, og oppgåva di er å halde smitten under kontroll.

Kan du stoppe smitteutbrotet i Kongsland?

Lenke til synstolka versjon av spelet

Refleksjonsspørsmål

Etter at du har spelt pandemispelet, skal du svare på følgande spørsmål. Du kan gjerne diskutere med ein medelev.

  1. Korleis påverka korona-situasjonen beredskapen på norske sjukehus?

  2. I spelet gjorde du ulike val i beredskapshandteringa. Kva konsekvensar fekk dei ulike vala for turistnæringa?

  3. Forklar kvifor det å stenge restaurantar, barar, butikkar og kjøpesenter er aktuelle tiltak i ein beredskapsstrategi i ein pandemisituasjon. Forklar kortsiktige og langsiktige konsekvensar av tiltaket.

  4. Synest du det er eit godt tiltak å stenge skular? Grunngi.

  5. Nedvask er eit godt smitteverntiltak, men kva for nokre negative konsekvensar fekk det i Kongsland, det vesle samfunnet i spelet?

  6. Forklar kvifor forsking er eit beredskapstiltak.

  7. Kvifor er det viktig at befolkninga har tillit til beredskapshandteringa?

CC BY-SASkrive av Anki Olsen og Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 20.09.2023

Læringsressursar

Beredskapsplan