Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nye moglegheiter!

Innovasjon og evna til å tenkje nytt om berekraft i reiselivsnæringa har blitt viktigare og viktigare.
To kokkar på ein båt. Den eine held eit fat med råvarer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva skal du ta på deg rolla som produktutviklar i reiselivsnæringa der du bur. Oppgåva kan løysast åleine eller saman.

Oppgåve

  1. Studer på internett dei reiselivsprodukta som blir tilbydde der du bur.
  2. Vel ut eit produkt du liker.
  3. Bruk fantasien, og lag ein plan for korleis dette produktet kan vidareutviklast til eit nytt og meir berekraftig reiselivsprodukt.
  4. Beskriv ulike produktfordelar som kan brukast i marknadsføringa av det nye produktet.
  5. Lag ein reklame for det nye produktet ditt, med bilete og tekst.
  6. Lag ein samla presentasjon av forslaget ditt, og legg vekt på berekraftige val.
  7. Presenter for kvarandre, og få tilbakemeldingar.
  8. Bruk tilbakemeldingane til å gjere eventuelle endringar i produktforslaget ditt.
  9. Kanskje vil du sende forslaget ditt til den aktuelle reiselivsaktøren?

Lykke til!

CC BY-SASkrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 05.01.2021

Læringsressursar

Berekraft og samfunnsansvar