Berekraft i alle ledd - Marknadsføring og leiing 1 - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Berekraft i alle ledd
Mange bedrifter har ei lang verdikjede. Dei fleste kjøper inn varer frå andre bedrifter, som igjen kjøper inn frå andre. Leverandørar og underleverandørar er derfor òg viktige ledd i verdikjeda til ei bedrift. For å sikre berekraft må bedriftene følge opp alle ledd i verdikjeda.
Tekstsamandrag til filmen
Filmen handlar om å stille krav rundt etiske retningslinjer i alle ledd, frå produsent til kunde, og om oppfølging og samarbeid om forbetringar. I filmen blir vi kjende med Nor Tekstil, som er leverandør til Helse Sør-Øst, og importøren Sverre W. Monsen. I 2008 blei Helse Sør-Øst kalla etikkverstingar av Framtiden i våre hender, då det blei avslørt at dei ikkje hadde sett krav til etisk handel ved innkjøp av tekstilar. Leiinga melde dei inn i Initiativ for etisk handel, og frå då av rydda dei opp i feila dei hadde gjort.
I filmen er det intervju med representantar for både Helse Sør-Øst, Nor Tekstil og importøren Sverre W. Monsen. Dei uttaler seg om kor viktig det er å påpeike dei etiske manglane, openheit i prosessen og vilje til å følge opp og samarbeide om forbetringar. Ønsket er at alle leverandørar skal vere SA-8000-sertifiserte, som er den einaste internasjonale standarden som finst, men aktørane er einige om at dit har vi ikkje komme endå. Dei vedgår at dei òg må samarbeide med leverandørar som ikkje er sertifiserte. I det å vere sertifisert ligg krav om dokumentasjon på at det ikkje går føre seg barnearbeid eller tvangsarbeid, at arbeidarane har organisasjonsrett, og at dei har ei akseptabel lønn og arbeidstid. Arbeidsplassen skal vere trygg utan diskriminering eller brutal behandling av arbeidarane.
Det blir vist eit døme på eit fabrikkbesøk, der importøren Sverre W. Monsen er på jakt etter ny leverandør og kartlegg fabrikken dei har valt ut med tanke på etiske retningslinjer. Konsernleiaren i Nor Tekstil seier at dei stiller to viktige krav: openheit og vilje til å rette opp manglar som kan dukke opp. Han meiner at det beste er viss fabrikken har fleire delar av produksjonen integrert. Det vil seie at både spinning, veving, sying og etterbehandling går føre seg på same fabrikk, då er det enklare å ha kontroll over fleire ledd i produksjonen. Ved besøket på fabrikken får vi innsyn i korleis dei jobbar med kartlegginga. Produsenten har fått tilsendt skjema til utfylling på førehand, og skjemaet blir gjennomgått saman med representantar frå Monsen. Representantane har eit vake blikk for om ting er regissert og har metodar for å avsløre dette. I vårt tilfelle fekk dei innsyn i alt dei bad om, inkludert ekte arbeidskontraktar.
Dagleg leiar i Initiativ for etisk handel, ein CSR-ekspert og marknadssjef i Sverre W. Monsen samanfattar kva som er viktigast i samarbeidet med fabrikkane i landa som produserer varene: Kvaliteten på varene er vesentleg, her er kravet ufråvikeleg. I tillegg må ein bruke lokale tredjepartar som veit kva dei skal sjå etter, og som kan hjelpe til med kartleggingar og forbetringar. Desse forbetringane krev tid, som ein må vere villig til å gi leverandørane. Det er òg svært viktig at kunden som kjøper inn produktet, tek omsyn til indisk lov. Arbeidstida skal ikkje overstige 9 timar per dag eller 48 timar i veka. Inkludert overtid blir dette 60 timar per veke. Dette må kommuniserast ut til kunden, slik at det blir ei felles forståing for tidspunkt for leveransar. Og krava som blir stilte kan gjerne presenterast som felles ambisjonar å jobbe mot for alle partar i samarbeidet, ikkje berre som reine krav.
I 2010 fekk Helse Sør-Øst ein etikkpris for å vere ein føregangsaktør i å fremme etiske krav i offentleg innkjøp. Dei gjekk frå verst til best. Konsernleiar i Nor Tekstil presiserer at offentleg sektor vil ha ei nøkkelrolle i arbeidet med etiske retningslinjer. Dei kan stille konkrete krav, følge opp, og dette vil ha ein effekt på leverandørane. Fokuset blir trekt vekk frå pris og over på miljø og samfunnsansvar. Det at nokon er gode på samfunnsansvar, gjer at dei kan vinne ein kontrakt, sjølv om dei ikkje er best på pris. Fokuset blir trekt vekk frå pris og over på miljø og samfunnsansvar.
Døme: Nor Tekstil
Nor Tekstil er opptekne av samfunnsansvaret sitt. Med det meiner vi at dei tek ansvar for korleis bedrifta påverkar menneske, samfunn og miljø. Dei viser mellom anna samfunnsansvar når dei bidreg til samfunnsnyttige prosjekt, og når dei bruker miljøvennlege produkt.
I 2018 etablerte dei eit eige prosjekt for å redusere/fjerne bruken av plast som emballasje, og i Oslo har dei kjøpt inn elektriske varebilar.
For å sikre berekraft i verdikjeda samarbeider Nor Tekstil med mellom anna UNICEF om prosjekt som dreier seg om reint vatn og hygiene. Nor Tekstil krev òg at leverandørane deira følger internasjonale standardar for etisk handel.
Krav til berekraft i verdikjeda
I arbeidet med å nå FNs berekraftsmål innan 2030 blir det stilt stadig strengare krav til både offentlege og private bedrifter. Dei må ta eit større samfunnsansvar og sørge for berekraft i heile verdikjeda til bedrifta.
Det blir forventa at bedrifter er opne i arbeidet med berekraft i verdikjeda. Samfunnet ønsker å vite kva råvarer, fabrikkar og leverandørar som blir brukte. I tillegg vil vi vite kva krav til berekraft som blir stilte til dei ulike ledda i verdikjeda.
For omdømmet til bedrifter har berekraftsarbeidet blitt svært viktig. Forbrukarar er, i langt større grad enn tidlegare, opptekne av at varer og tenester blir produserte på ein rettferdig, forsvarleg og lovleg måte.
Bedrifter må ha eit system som kan avdekke, og følge opp, eventuelle brot på etiske retningslinjer for miljø og samfunn. Det er ein del av det samfunnsansvaret bedrifter har.
Døme: Tine
Tine har ca. 500 ulike merkevarer, som blir produserte i store tal. Den viktigaste råvara, mjølk, får dei frå dei over 10 000 eigarane sine. Tine er òg avhengig av mange andre råvarer og ingrediensar, og ofte er desse produserte utanfor Noreg. Dette kan vere matprodukt som sukker, kakao, kaffi eller vegetabilske oljer, som blir kjøpte inn frå land som Kina, Indonesia, Elfenbeinskysten, Ghana og Brasil.
Nokre av landa som Tine importerer frå, har høg risiko for brot på Tines eigne etiske retningslinjer. Nokre av produkta har ei uoversiktleg verdikjede med mange ledd før produkta kjem til Tine. Sjølv om Tine stiller krav om at prinsipp for etisk handel blir følgde ved alle typar innkjøp, og til alle leverandørane sine, er dei ærlege og seier sjølv i sin eigen årsrapport:
I enkelte markeder er TINE en relativ liten aktør og opplever derfor en begrenset mulighet til å kunne påvirke handelen i positiv retning. Foreløpig er det ikke realistisk at import fra alle land skal kunne skje uten risiko for direkte eller indirekte medvirkning til brudd på internasjonale prinsipper.[1]
Her i Noreg er det derimot liten grunn til å frykte brot på etiske retningslinjer i transportlinja til Tine. Tine bygger ut transportparken sin med tankbilar som går på flytande biogass. Dei prøver òg ut ny teknologi innanfor hybrid, elektriske løysingar og hydrogen.
I reklamefilmen til Tine er det fokus på at bilane deira går på kumøkk og bioavfall. Sjølv om Tine treng 17 000 norske kyr for å "brødfø" bilane sine i eitt år, er ikkje det noko problem for dei. Dei har ein million "rautande kraftverk" å ta av. Tine har som målsetjing at dei innan 2025 berre skal bruke fornybart drivstoff og nullutsleppsløysingar i transporten.
Døme: IKEA
Til liks med Tine legg òg IKEA stor vekt på berekraft. IKEA ønsker å kjempe mot klimaendringar, overforbruk og forskjellar.
IKEA ønsker å inspirere folk til å leve meir berekraftig. Dette gjer dei mellom anna ved å designe produkt som kan reparerast, gi kundar moglegheit til å lease møblar og tilby fleire kjøttfrie matvarer.
Innan 2030 har IKEA som målsetjing å vere klimapositiv, det vil seie at verksemda deira ikkje skal ha negativ innverknad på klimaet. For å oppnå dette vil dei mellom anna produsere alle produkta sine med fornybar energi og tilby heimlevering med elbilar eller andre køyretøy med nullutslepp.
IKEA har òg som ambisjon å ha ein positiv sosial innverknad på alle i verdikjeda si. Dei vil mellom anna støtte flyktningar, fremme likestilling og lik lønn og støtte sosiale entreprenørar. I tillegg må alle leverandørar forplikte seg til å følge IKEAs retningslinjer, som beskriv minimumskrava knytte til tryggleik, arbeidsforhold og miljøvern.