Oppgave
Etisk forbruk og handel
Sjå filmen om etisk forbruk og drøft kva du legg i omgrepa etisk forbruk og etisk handel.
Diskuter i grupper før de ser filmen: Kva betyr omgrepet etikk? Kva har etikk med forbruk og handel å gjere? Kva tenker du når du høyrer omgrepet etisk forbruk?
- Kvifor er kleda i mange butikkar billege?
- Vel to butikkar eller kleskjeder og finn ut korleis dei jobbar med etiske arbeidsforhold og lønn. Finn òg ut kvar kleda blir produserte. Samanlikn med andre i klassen og diskuter kva som kan gjerast med klesproduksjon for å gjere han meir etisk.
- Kva påverknadsmoglegheiter har du som forbrukar? Har du til dømes tenkt over kor lenge du bruker kleda du kjøper, og kva du kan gjere for at forbruket ditt blir meir etisk?
- Sjå om du klarer å finne ut kor mykje soya som blir brukt i norsk fôr til dyr som blir brukt i kjøttproduksjon, og kvar soyaen kjem frå.
- Diskuter om produksjon av kjøtt kan gjerast meir miljøvennleg.
- Har du sjølv endra kosthald på grunn av klima- og miljøutfordringane? Kvifor/kvifor ikkje?