Hopp til innhald

Fagstoff

Billigvarer kontra merkevarer

Er det samsvar mellom pris og kvalitet? Korleis trur du dei ulike billigvarene kjem ut i smakstest mot dyrare merkevarer? I dette videoklippet får vi eit innblikk i ein slik smakstest. Vi ser òg at Forbrukerinspektørene prøver å finne ut kvar og korleis billigvarene til kjedene blir produserte.

Tenk over

Tenkjer du at høg pris og god kvalitet alltid heng saman?

Har du noka oppfatning om smak og kvalitet på billigvarer kontra merkevarer?

Kan du gi nokon konkrete døme på erfaringar med smak og kvalitet på billigvarer kontra merkevarer?

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 01.05.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet pris