Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Best på pris og best på smak?

Trur de at prisen på ei matvare har samanheng med smak og opplevd kvalitet? Gjennomfør ein smakstest i klassen der de samanliknar kjende merkevarer med billegprodukt.
Posar med salt potetgull i to ulike prisklassar og av to ulike merke, Maarud og First Price, side om side i ei butikkhylle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

  1. Ta ein felles diskusjon i klassen og finn ut om de meiner at høg pris og god kvalitet alltid heng saman. Kvifor eller kvifor ikkje?

  2. Ta ei handsopprekking i klassen og finn ut kven som trur at det er ein klar samanheng mellom smak og opplevd kvalitet på billegvarer kontra dyrare merkevarer.

  3. Gjennomføring av smakstest

Vel ut nokre produkt blant kjende merkevarer og billegmerke, som til dømes:

  • potetgull frå Maarud kontra potetgull frå First Price eller Xtra

  • Coca-Cola kontra First Price Cola eller Grans Cola X

  • mjølkesjokolade frå Freia kontra mjølkesjokolade frå First Price

  • appelsinjus frå Sunniva kontra appelsinjus frå Eldorado, First Price, Coop eller Rema 1000

  • chilinøtter frå Den Lille Nøttefabrikken kontra chilinøtter frå Eldorado eller Rema 1000

Forslag til praktisk gjennomføring

Anten læraren eller nokre utnemnde elevar i klassen ordnar i stand dei ulike produkta som skal testast. Resten av klassen er testpanel.

Sørg for at testpanelet ikkje kan sjå forskjell på produkta dei skal samanlikne. For å få til dette kan de vurdere om testpanelet skal ha bind for auga.

To og to produkt skal altså testast opp mot kvarandre: eit dyrare produkt frå ei kjend merkevare og eit liknande produkt frå eit billegmerke.

Testpanelet vel ut det produktet dei synest smakar best, og gir eventuelt terningkast til kvart produkt i smakstesten. Svara frå testpanelet blir noterte og viste fram for klassen etter at smakstesten er gjennomført.

Kva smakte best? Billegvarene eller dei dyrare merkevarene? Var det nokon resultat frå smakstesten som var overraskande?

  1. Ta ein kikk på Aftenposten-artikkelen "Hva er best, First Price og X-tra eller dyrere merker?" Er det noko samsvar mellom resultata i avisa sin test og klassen sin test?

En dame smaker på flere typer melk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet pris