Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kjenneteiknar pris som eit konkurransemiddel?

I denne oppgåva skal du reflektere over og gjere greie for kva som kjenneteiknar pris som eit konkurransemiddel.
Norske pengesetlar og myntar. Det står "pris" med store, raude bokstavar på biletet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Sjå føre deg ei verksemd som vil satse på pris som det viktigaste konkurransemiddelet sitt. Kva trur du kan vere fordelar og ulemper ved dette?

  2. Gjer greie for dei ulike prisstrategiane, og gi døme på verksemder som nyttar seg av dei ulike prisstrategiane.

  3. Gjer greie for dei ulike prissetjingsmetodane.

  4. Forklar bruken av sjølvkostkalkyle og bidragskalkyle.

  5. Gjer greie for prisdifferensiering og vis til døme.

  6. Gjer greie for prissetjing gjennom produktet sitt livsløp.

  7. Kan du tenkje deg eitt eller fleire produkt som du ville kjøpt nesten uansett pris? Kva for nokre, i så fall?

  8. Kan du tenkje deg eitt eller fleire produkt som du ville ha slutta å kjøpe dersom prisen hadde stige med meir enn 20 prosent samanlikna med prisen i dag?

  9. Skriv eit oppsummerande refleksjonsnotat om kva som kjenneteiknar pris som eit konkurransemiddel.

Relatert innhald

Når ein produsent skal bestemme prisnivået på eit produkt, har bedrifta tre alternativ: høgare, lågare eller same pris som konkurrentane.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2021

Læringsressursar

Konkurransemiddelet pris