Hopp til innhald

Fagstoff

Kontroll med eigen økonomi

Overgangen frå barn til vaksen skjer gradvis. Når du har kontroll med eigen økonomi, begynner du for alvor å bli uavhengig. Men kva er det du må ha kontroll med for å kunne kalle deg økonomisk uavhengig?
Fire tohundrelappar og ei rekke kredittkort. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Personleg økonomi

Når vi snakkar om den personlege økonomien din, handlar det om inntekter, utgifter og sparing. Utgiftene dine er dei pengane du bruker på alt det du treng i dagleglivet: Du skal ha ein stad å bu, og du skal ha mat og klede. Du treng òg pengar til å gjere ting saman med venner og til å pleie dine eigne interesser. Somme har dessutan ansvar for andre, anten dyr eller menneske, og då har dei utgifter knytte til dette i tillegg. Inntektene er dei pengane du greier å få inn i «kassa». Det kan vere arbeidsinntekter, lommepengar eller gåver. Sparing er å setje til sides pengar til det du treng på lang sikt, til dømes eigen bustad.

Å ha kontroll med eigen økonomi inneber at du får pengane til å strekkje til, slik at du kan kjøpe det du har bruk for. Når du skal planleggje økonomien din, kan du stille desse spørsmåla:

  • Kor mykje penger treng eg?
  • Kvar skal pengane kome frå?
  • Hva har eg bruk for å kjøpe?
  • Kor mykje vil eg spare?

Inntekter

Inntekter er dei pengane du skal dekkje utgiftene dine med. Du har gjerne ein feriejobb eller ettermiddagsjobb som gir deg lønn. Men du har sikkert også andre inntekter medan du går på skulen. Kanskje får du lommepengar frå foreldra eller besteforeldra dine. Kanskje får du lån og stipend frå Lånekassa.

Når du er vaksen, må du sjølv bestemme om du vil setje til sides sparepengar, eller om du vil bruke alle pengane du tener. Når du har hand om eigen økonomi, må du sjølv planleggje kvar inntektene dine skal kome frå, og kor store dei treng å vere.

Referansebudsjett

For å få ein peikepinn på kor mykje utgifter du må rekne med, både mens du bur heime, og ikkje minst når du flyttar for deg sjølv, kan du ta ein titt på SIFOs referansebudsjett. SIFO er Forbruksforskningsinstituttet, og dei lagar eit såkalla referansebudsjett som viser kva slags type utgifter ein person eller familie må rekne med. Du kan også leggje inn opplysningane dine i ein kalkulator for å sjå korleis du må fordele akkurat dine inntekter.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Trude Løvskar og Inga Berntsen Rudi. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 26.02.2020

Læringsressursar

Personleg økonomi og forbruk