Oppgåve
Kredittkjøp og forbrukarrettar
Spørsmål til refleksjon om kredittkjøp og forbrukarrettar.
Diskuter med ein klassekamerat eller to korleis du kan unngå kredittkjøp. Finst det alternative løysingar for deg som kunde?
Vi ser at det er store endringar i folk sine handlevanar. Meir og meir blir kjøpt og selt på internett, også daglegvarer og ferskvarer som vi treng jamleg.
- Finn ut det du kan om forbrukarar sine rettar og kjøpslova. Kva er dei viktigaste rettane du har når du handlar på nettet?
- Er det noko ved lovverket for forbrukarar som du meiner kan bli betre?