Hopp til innhald
Fagartikkel

Forbruk og handel for framtida

Dersom alle menneske i verda skulle forbruke like mykje som ein gjennomsnittsnordmann, ville utsleppa auke og økosystemet raskt kome i ubalanse.

Korleis kutte forbruket vårt?

Organisasjonar som Framtiden i våre hender og andre miljøorganisasjonar peiker på at vi som forbrukarar kan gjere vårt til å redusere ein kultur der vi kjøper og kastar altfor mykje. Her er nokre punkt:

  • Gjenbruk av varer. Det å selje ting vi ikkje treng, gjer at andre kan bruke desse tinga.
  • Kortreiste varer. Kjøp ting som er produserte i nærleiken av der du bur. Varer som ikkje er blitt transporterte langt, fører til mindre CO2-utslepp.
  • Reduser innkjøpa og tenk over kva du verkeleg treng. Treng du å byte mobiltelefon kvart år?
  • Vi kan dele fleire ting! Treng alle å sitje åleine i kvar sin bil til jobben? Nye nettløysingar gjer organiseringa lettare, slik at fleire kan køyre saman, bruke ei hytte saman eller byte hus i ferien.
  • Ver flink til å resirkulere. Resirkulering gjer at vi kan støype om metall, glas og lage energi av avfall. Her kan kvar enkelt av oss dagleg gjere vårt gjennom gode rutinar for kjeldesortering.
  • Hygg deg med opplevingar nær deg. Noko av det mest forureinande vi gjer, er å ta lange flyturar. Som feriemål har Noreg det meste å by på.