Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er forskjellen på bølgjer og stråling?

Vi snakkar om lysstrålar, UV-stråling og radioaktiv stråling, men samtidig òg om mikrobølgjer og radiobølgjer. Er bølgjer og stråling det same, eller er det ulike fenomen?

Kva er ei bølgje?

I videoen over ser du bølgjer som oppstår når ein drope treffer overflata. Dropen lagar ei forstyrring i overflata som brer seg utover i alle retningar. Kva er det eigentleg som skjer? Kvifor flyttar bølgja seg bortover?

Ein drope lagar ringar med bølgjer i vatn. Foto.

For å svare på dette må vi starte med årsaka, nemleg dropen som fell ned i vatnet. Den skaper ei forstyrring i vassoverflata. Sidan vatnet heng saman, vil naboområdet òg bli påverka av forstyrringa. Dermed vil området ved sida av der igjen òg bli påverka, akkurat som dominobrikker på høgkant som fell og riv med seg neste brikke.


Så kva er lys? Viss lys er bølgjer, kva er det som som breier seg då?

Dette var det stor usemje om langt inn på 1800-talet, då det vart gjort eksperiment som støtta bølgjeteorien. Men med kvantefysikken har tvilen oppstått igjen, og sjølv i dag er ikkje forskarane heilt samde.

Ein lysstråle blir broten i regnbogen sine farger gjennom eit glasprisme. Foto.

Nokon seier lys er bølgjer, andre seier lys er partiklar, og nokon seier at lys er både bølgjer og partiklar. Det er sanneleg ikkje greitt å forstå!

Vi snakkar om lysstrålar, varmestråling og mikrobølgjer. Og det verkar som vi bruker orda stråling og bølgjar litt om kvarandre. Men viss lys er bølgjer, betyr det at stråling òg er ein type bølgjer? Kva trur du?

CC BY-SASkrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 30.01.2020

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen