Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Interaktiv bølgjeoppgåve

Denne simuleringa viser korleis bølgjebevegelsar forplantar seg på ein streng. Du kan prøve ut korleis bølgjer oppfører seg under mange ulike forhold som du lett kan endre, men for å gjennomføre oppgåvene under, må du velje bestemte innstillingar.

Framgangsmåte

For å sjå tydeleg kva som skjer, hakar vi av på «Puls» for å sende enkeltpulsar bortover strengen, og «Laus ende» for å få bølgjetoppar både same veg og motsett veg.
Vel «Inga» demping og «Låg» spenning. Amplitude og pulsbreidde kan du velje fritt.

  1. Trykk på den grøne knappen som sender ein puls bortover strengar og sjå kva som skjer.
  2. I god avstand frå den første pulsen, sender du ein puls til. Studer nøye kva som skjer når pulsane møter kvarandre. Vel gjerne «Sakte bevegelse».
  3. Kva skjer når to pulsar med like utslag møter kvarandre?
  4. Kva skjer når to pulsar med motsette og like store utslag møtest?

Vi ser at bølgjene ikkje har forandra seg etter at dei passerte kvarandre. I tillegg ser du kanskje at utsvinga for dei to bølgjene blir lagde saman når dei er på samme staden. Det er dette som blir kalla .

Tenk over:

Er overlagring mogleg for partiklar? Kva skulle i så fall skje med to bowlingkuler som kolliderer?

CC BY-SASkrive av Astrid Johansen.
Sist fagleg oppdatert 26.06.2018

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen