Hopp til innhald

Fagstoff

Akustikk

Akustikk er vitskapen om lyd. Han handlar om korleis lyden forplantar seg, korleis han blir reflektert, blir dempa og blir forsterka. I oldtida fann ein ut at ved å byggje amfiteater kunne publikum høyre kva som blei sagt på scena sjølv om dei sat langt unna.
Det romerske teateret i Bosra i Syria. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forbetre eller fjerne lydar?

Rom som har veggar, tak og golv dekt av pyramideliknande formar. Foto.

Når du jobbar med akustikk, vil målsetjinga avhenge av kva lokale du skal jobbe med. Uansett målsetjing treng du kunnskap om korleis lydbølgjene oppfører seg.

I ein konsertsal ønskjer vi at lyden frå instrumenta skal gi publikum ei best mogleg musikkoppleving, medan i eit kontorbygg er det om å gjere å fjerne lyd som kan forstyrre. Dette betyr at det er viktig å ha kontroll på korleis lyden blir reflektert, blir dempa og blir forsterka i ei bestemd setjing.

Lydstudio

To jenter prater i lydstudio. Foto.

I eit lydstudio blir lyden registrert av mikrofonar som omformar lydbølgjene til elektriske signal. Då er det om å gjere at det berre er lyden frå lydkjelda som blir fanga opp og ikkje reflekterte lydbølgjer frå veggane. Derfor er veggane i eit lydstudio laga av materiale som dempar lyden kraftig og ikkje gir ekko.

Konsertsal

Tom konsertsal. Foto.

I ein konsertsal ønskjer ein at lyden frå orkesteret skal forplante seg til publikum på ein måte som vernar det opphavlege lydbildet. Dette kan vere utfordrande sidan ulike tonar (frekvensar) blir dempa ulikt. Bassen ber lengst, medan diskanten forsvinn fordi lange bølgjelengder har størst rekkjevidd. Refleksjonar i rommet skaper òg lokale forsterkningar.
I konsertsalar blir tak- og veggkonstruksjonane planlagde slik dei skal gi mest mogleg gunstige refleksjonar av lydbølgjene. For å få til det blir ofte brukt uregelmessige eller regulerbare element eller plater på tak og veggar.

Dei som jobbar med romakustikk er oppteken av faktorar som , og reflekterande flater for å få best mogleg attgjeving av tale og musikk.

Støyreduksjon med motlyd

I eit kontorlokale, i ein flykabin eller i ein bil er støyreduksjon viktig. Her ønskjer vi at normal tale skal høyrast greitt, medan høge lydar og jamn dur frå motor eller ventilasjonsanlegg bør fjernast. Ein fascinerande måte å løyse delar av dette problemet på er å nytte motlyd. Det er lyd med same styrke og frekvens, men med motsette utslag.

Sjå denne demonstrasjonen av verknaden av motlyd.

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Astrid Johansen og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2020

Læringsressursar

Lys, lyd og bølgjefenomen