Lag bok om grunnleggande behov
Lag ei bok om dei grunnleggande behova våre. Her kan du òg forklare korleis vi best kan hjelpe og støtte andre i å vareta behova sine.
Bruk eit eigna verktøy for å lage digitale bøker. Ver merksam på at nettsider som krev pålogging, kan samle inn informasjon om brukarane.
Forslag til kva som skal vere med i boka:
framside med bilete/illustrasjon, tittel, forfattar og årstal
innhaldsliste
hovuddel
Ta med informasjon om dei ulike grunnleggande behova med bilete og illustrasjonar.
Fortel om korleis vi på best mogleg måte kan vareta dei ulike behova.
Vel eitt av yrka innan helse- og oppvekstfag, og beskriv korleis du i dette yrket kan legge til rette for og vareta dei grunnleggande behova til andre.
Ver kreativ: Bruk fargar, bilete, illustrasjonar, videoar, lyd/musikk, lenker.
bakside med ei kort oppsummering av hovuddelen og kanskje eit bilete av forfattaren
Del gjerne boka med medelevar og læraren din.
Relatert innhald
Omsorg er noko som skjer i relasjonen mellom menneske. Det er noko du kjenner, og det handlar om å dekke både fysiske og psykiske behov hos ein annan.
Dagleg legg vi igjen mange spor etter oss. Det gjeld i aller høgaste grad digitale spor. Finn ut kva for nokre digitale spor du legg igjen kvar dag.