Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Omsorg og grunnleggande behov

I arbeidet med menneske skal vi vareta behova for heilskapleg omsorg som den enkelte har. Det betyr at alle behov er like viktige for å skape tryggleik, velvære og vekst hos kvar enkelt. Vi kan ikkje skilje kropp og sjel.
Menneske med ulikt kjønn, alder og etnisitet i ein ring smiler ned mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Samanheng mellom behova

  1. Kvifor er det nødvendig å sjå alle behova eit menneske har, i samanheng?

  2. Fysisk og psykisk helse er tett vovne saman. Forklar kvifor det er slik, og gi døme.

  3. Sosiale behov heng saman med psykiske behov. Forklar og grunngi kvifor det er slik.

  4. Korleis kan sosial kontakt bidra til å skape ro og tryggleik i livet?

  5. Kvifor må du vurdere menneskets totale behov for å kunne gi best hjelp og støtte?

  6. Tenk deg ein situasjon der du skal hjelpe ein annan person til å få dekt det fysiske behovet for mat. Vel sjølv om det er barn, ungdom, vaksen, ein person med funksjonsnedsetjing eller ein eldre person du vil hjelpe. Korleis kan du i denne situasjonen òg bidra til å dekke dei psykiske og sosiale behova til personen? Forklar og gi døme på kva du gjer.

  7. Å vere avhengig av andre for å dekke grunnleggande behov kan påverke sjølvkjensla og svekke opplevinga av sjølvstende og kontroll. Korleis kan vi legge til rette for at menneske kan gjere val og vere sjølvstendige i kvardagen på ulike institusjonar? Gi døme.

  8. Kva kan skje viss eit barn eller ein pasient/brukar får meir hjelp enn dei har behov for?

  9. Gjennom livet vil vi oppleve at nokre behov ikkje er dekte. Vi kan oppleve ulykker, miste nokon vi er glad i, eller få ein dårleg karakter på ein eksamen. Det er ein del av livet.

    1. Korleis taklar du motgang i livet?

    2. Kva kan du gjere for å lære andre at motgang i livet er noko vi veks på?

Teikn og forklar

  1. Teikn og forklar seglbåtmetaforen for behova til mennesket. Bruk fargar og teikn din eigen seglbåt.

  2. Vel deg det yrket du ønsker å utdanne deg til innan helse- og oppvekstfag. Finn ut korleis du i dette yrket kan vareta heile mennesket. Vel ein eller fleire situasjonar frå yrket, og teikn og beskriv korleis du kan vareta heile mennesket i denne situasjonen.

Relatert innhald

God helse er nært knytt til opplevinga av livskvalitet og det å meistre sin eigen kvardag.

Kva er psykisk helse? Kva påverkar den psykiske helsa di , og kva er sambandet mellom psykisk og fysisk helse?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 31.10.2022

Læringsressursar

Grunnleggande behov