Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Behova våre

Når vi skal hjelpe og støtte andre, fremme helse og vekst, treng vi kunnskap om behova eit menneske har. Her kan du fordjupe deg i dei ulike behova.
Familie med mor, far og barn i ulik alder et middag på kjøkken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Behova våre

Denne oppgåva kan de gjere både ute og inne. Jobb saman i ei gruppe.

  1. Få oversikt over dei ulike behova eit menneske har.

  2. Teikn eit tankekart. Kvart behov blir teikna inn i ein sirkel. Utanfor kvar sirkel skriv de stikkord med kjenneteikn på behovet. Dette kan de gjere på eit ark, eller ta med dykk krit i ulike fargar ut og teikn sirklane i skulegarden.

  3. Forklar det de har teikna og skrive, for medelevar og lærar. Reflekter saman om korleis de som yrkesutøvarar i helse- og oppvekstsektoren kan vareta dei ulike behova til eit menneske.

Spørsmål om behova

Fysiske behov

  1. Kva for nokre fysiske behov har eit menneske?

  2. Kvifor bidreg søvn til god helse?

  3. Kva er søvnmengda di?

  4. Har du behov for meir søvn?

  5. Kva må du eventuelt gjere for å få meir søvn?

  6. Korleis kan du hjelpe og støtte andre med å få god søvn?

  7. Undersøk Helsedirektoratets kostråd på nettsidene til Helsenorge.

    1. Kva for nokre av tilrådingar følger du?

    2. Kva bør du ete meir eller mindre av for å ete i tråd med tilrådingane?

  8. Korleis kan fysisk aktivitet bidra til god helse? Forklar og gi døme.

Psykiske behov

  1. Kva for nokre psykiske behov har eit menneske?

  2. Korleis viser du andre at du liker dei og vil dei vel? Forklar og gi døme.

  3. Kva er emosjonelle behov?

  4. Kvifor er emosjonelle behov like så viktige for helsa og velværet til eit mennesket som dei fysiske behova?

  5. Kvifor bidreg det å le til å fremme god helse?

    1. Korleis påverkar latter den fysiske helsa vår?

    2. Finn ut kva latter gjer med musklar, hjarte, blodtrykk og blodsirkulasjon og lungekapasitet.

Sosiale behov

  1. Kva for nokre sosiale behov har eit menneske?

  2. Kva for nokre sosiale behov har du?

  3. Kva inneber det for deg å få god sosial støtte?

  4. Reflekter over kven som gir deg ulik sosial støtte (kjenslemessig, bekreftande og informativ støtte).

  5. I tillegg til å komme frå familie, naboar og venner kan sosial støtte og praktisk hjelp komme frå det offentlege og andre instansar som lag, foreiningar og frivillige organisasjonar. Gi døme på korleis du som yrkesutøvar kan bidra til å gi sosial støtte til andre.

  6. Det motsette av god sosial støtte er einsemd. Forklar og gi døme på korleis einsemd kan påverke den psykiske og fysiske helsa.

  7. I dag får mange tilfredsstilte dei sosiale behova sine gjennom bruk av ulike sosiale medium. Gi døme på ulike sosiale medium du bruker, og forklar korleis desse kan tilfredsstille eit sosialt behov.

Åndelege og eksistensielle behov

  1. Kva er viktig for deg i livet?

  2. Kva for nokre åndelege og eksistensielle behov har eit menneske?

  3. Kriser i livet kan gjere oss meir oppteke av dei åndelege og eksistensielle spørsmåla. Kvifor er det slik?

  4. Korleis kan kunnskap om den du skal gi omsorg til, gjere det enklare å hjelpe personen til å få dekt dei åndelege behova sine?

  5. I ulike fasar og situasjonar i livet vil enkelte behov vere meir framståande. Kva behov er mest framståande for deg akkurat no?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2022

Læringsressursar

Grunnleggande behov