Hopp til innhald

Menneskekroppen

Det er viktig å ha kunnskapar om menneskekroppen når du skal jobbe innan helse - og oppvekstsektoren. Det blir forventa at du som fagarbeidar har god kjennskap til både korleis kroppen er bygd opp, og om funksjonen til dei ulike organsystema.

Nervesystemet

Nervesystemet har som oppgåve å styre åtferda til kroppen gjennom sin kontroll over musklar og kjertlar. Sentralnervesystemet omfattar hjernen og ryggmargen. Det perifere nervesystemet omfattar perifere ryggmargs- og hjernenervar, nervevev og nerveceller i tarmsystemet.