Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Blodcellene

Blodet består av blodplasma og ulike blodceller som har spesifikke oppgåver i kroppen. Oksygenrikt blod blir frakta gjennom arteriar ut til cellene i kroppen, og oksygenfattig blod blir transportert tilbake til hjartet gjennom venene.

Sjå filmklippet frå NRK om blodet, og gjer dei følgjande oppgåvene.

Oppgåver

  1. Lag ein plakat med teikningar eller bilete av dei ulike blodcellene.
  2. Kva er oppgåvene til

    1. raude blodceller (erytrocyttar)?
    2. kvite blodceller (leukocyttar)?
    3. blodplater (trombocyttar)?
  3. Kva består blodplasma av?
  4. Kvifor er blodet raudt?
  5. Kva matvarer kan du ete for å få tilstrekkeleg jerninnhald i blodet?
  6. Kva heiter blodårene som fraktar

    1. oksygenrikt blod ut i kroppen?

    2. oksygenfattig blod tilbake til hjartet?

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 08.06.2020

Læringsressursar

Sirkulasjonssystemet