Hopp til innhald

Fagstoff

Sirkulasjon

Sirkulasjonssystemet sørgjer for at stoff vert transportert rundt i kroppen på ein effektiv måte. Arteriar leier blod frå hjartet og ut til kapillær, hårrørsårer. Etter at det har passert gjennom kapillæra, samlar blodet seg i venene, som fører det tilbake til hjartet.
Sirkulasjonssystemet i overkropp med hjarte, arterier, vener og kapillærer. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjartet

To tverrsnitt som viser anatomien til hjarta. Illustrasjon.

Hjartet er ein kraftig muskel som trekkjer seg regelmessig saman og dermed pressar blodet ut i blodårene.

Arteriar

Arteriane har kraftige, elastiske vegger for å klare trykket som oppstår når hjartet trekkjer seg saman. Trykkaukinga frå hjarteslaga kan vi registrere fleire stader på kroppen - det er dette vi kallar puls.

Kapillæra

Kapillæra har svært tynne vegger som blodplasmaet kan passere igjennom. Blodcellene kan ikkje passere gjennom kapillærveggene. Når blodplasmaet vert pressa ut av kapillæra, inneheld det stoff som cellene kan ta opp, som oksygen frå lungene, næringsstoff frå tarmane og hormon frå dei endokrine kjertlane. Når plasmaet renn tilbake inn i kapillæra, har det med seg avfallsstoff frå cellene.

Vener

Kapillæra vert samla i vener, som har tynnare vegger enn arteriane. I venene er trykket lågare, og transporten av blod i venene avheng av at kroppsmuskulaturen arbeider. Eit klaffsystem i venene hindrar blodet i å renne feil veg når musklane slappar av. Venene leier blodet tilbake til hjartet.

Blodet

Blod er ei mangfaldig væske som består av raude og kvite blodceller og blodplasma. Dei raude blodcellene inneheld hemoglobin, og dei står for transport av oksygen. Dei kvite blodcellene har ein viktig funksjon i immunforsvaret. I blodplasmaet er det ei mengd oppløyste stoff som vert teke opp eller frigjeve etter behov ute i ulike organ og vev.

CC BY-NC-SASkrive av Agnes Brønstad og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020

Læringsressursar

Sirkulasjonssystemet