Hopp til innhald

Fagstoff

Oppbygginga og funksjonen til hjartet

Hjartet er ein muskel på storleik med ein knyttneve. Det begynte å slå då du var eit tre veker gammalt foster, og kjem til å slå meir enn tre milliardar slag før det stoppar. Hjartet pumpar blod som transporterer livsnaudsynte stoff, og er den viktigaste muskelen i kroppen vår.

Oppbygging

Hjartet består i praksis av to pumper. Venstre side av hjartet pumpar oksygenrikt blod frå lungene ut til organa i kroppen. Høgre side pumpar oksygenfattig blod frå kroppen ut til lungene. Kvar side består av eit framkammer og eit hjartekammer. Framkammeret har tynn og elastisk vegg, og utvidar seg når det får blod frå venene. Hjartekammeret skal pumpe blodet ut i kroppen og har derfor tjukkare muskelvegg.

Anatomisk korrekt teikning av eit lengdesnitt av hjartet som viser plasseringa av dei fire kammera og dei store venene og arteriane.Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge
Hjarte med kransarteriar. Illustrasjon

Legg merke til at venstre hjartekammer har ein tjukkare muskelvegg enn høgre hjartekammer. Dette kjem av at høgre hjartekammer berre skal pumpe blod til lungene, mens venstre hjartekammer må skape nok kraft til å transportere blod til heile kroppen. Mellom framkammera og hjartekammera, og mellom hjartekammera og arteriane, er det klaffar som sørgjer for at blodet strøymer i rett retning.

Til liks med alle andre musklar treng hjartet tilførsel av oksygenrikt blod. Arteriane som leier blod til hjartemuskelen, omgir hjartet som ein krans og blir derfor kalla kransarteriar. Dersom blodstraumen i ein kransarterie blir blokkert, kan det føre til at ein del av hjartemuskelen døyr. Det er dette som skjer ved eit hjarteinfarkt.

Hjartesyklusen

Avslappingsfasen til hjartet blir kalla diastole. I denne fasen utvidar hjartet seg, og blod strøymer inn i fram- og hjartekammera frå lunge- og holvenene. Samantrekkingsfasen blir kalla systole. Først trekkjer framkammera seg saman og fullfører fyllinga av hjartekammera. Deretter trekkjer hjartekammera seg saman og tømmer seg i arteriane.

Tverrsnitt av hjartet som blir fylt og tømt for blod i ein hjartesyklus. Illustrasjon
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klaffar styrer retninga på blodstraumen

Blodstraumen blir driven av trykkforskjellar og vil alltid gå frå eit område med høgare trykk mot eit område med lågare trykk. Hjarteklaffane er ventilar som opnar seg når trykkforskjellane dyttar blodet i rett retning, og blir stengde når trykkforskjellane dyttar blodet i feil retning. I systolen er trykket i hjartekammera høgare enn i framkammera. Dette gjer at klaffane mellom fram- og hjartekammer blir lukka, slik at blodet ikkje blir pumpa tilbake i framkammera. Samtidig blir trykket i hjartekammera høgare enn trykket i arteriane. Dette gjer at arterieklaffane opnar seg, og at hjartekammera kan tømme seg i arteriane. På slutten av systolen er trykket i arteriane høgare enn i hjartekammera. Då lukkar arterieklaffane seg og hindrar at blodet blir pressa tilbake i hjartekammera.

Når klaffane lukkar seg, lagar dei ein lyd som kan høyrast med eit stetoskop. Klaffane mellom fram- og hjartekammer lukkar seg litt før arterieklaffane. Dette kan høyrast som to lydar i rask rekkjefølgje.

Normal hjartelyd

0:00
-0:00

I denne NRK-videoen frå operasjonssalen (2t 24m) kan du følgje to operasjonar av pasientar som skal få ny hjarteklaff.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Pedersen Rangul, Kristin Bøhle og Johan Vikan.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2021

Læringsressursar

Sirkulasjonssystemet