Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lær dykk kostråda!

Kostråda er viktige å lære, men det er òg viktig å følge dei. Etter å ha jobba med denne oppgåva vil de kunne eitt av råda ekstra godt, og følger de med når dei andre framfører, vil de nok lære endå fleire.
Kikerter, grøn salat, agurk og dressing i ein glasbolle. Foto.

Informasjon om oppgåva

Oppgåva tek to–tre skuletimar.

De skal lære dykk eit kostråd godt og framføre det på ein valfri måte til medelevane dykkar.

Gjennomføring

Det er totalt sju kostråd. Fordel desse råda på alle elevane i klassen. Bruk tabellen nedanfor. De kan velje om de vil jobbe åleine eller i par.

  • Første time: Lag ein presentasjon om kostrådet og informasjon om korleis rådet kan følgast. De kan sjølve velje presentasjonsform, til dømes Powerpoint-presentasjon, film eller rollespel.

  • Andre og eventuelt tredje time: Presentasjon for medelevar.

Oversikt over kostråda og fordeling av elevar

Kostråd

Namn på elevar

Ha eit variert kosthald, vel mest mat frå planteriket og et med glede.
Frukt, bær eller grønsaker bør vere ein del av alle måltid.
La grovt brød eller andre fullkornsprodukt vere ein del av fleire måltid kvar dag.
Vel oftare fisk og sjømat, bønner og linser enn raudt kjøtt. Spis minst mogleg omarbeidd kjøtt.
Ha eit dagleg inntak av mjølk og meieriprodukt. Vel produkt med mindre feitt.
Godteri, snacks og søte bakarvarer bør avgrensast.
Drikk vatn!
CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim og Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2024

Læringsressursar

Mat som grunnleggjande behov