Fagartikkel
Avviksbehandling
Med avvik meiner vi at produktet/tenesta/oppgåva ikkje er blitt slik som vi hadde planlagt eller spesifisert det.
Alle bedriftar har internrutinar, og der blir ofte avvik behandla. Eksempel på dette kan vere:
"Alle som oppdager avvik i produksjonen eller avvik fra denne prosedyren, plikter å melde fra enten ved å skrive avviksrapport eller gi beskjed til nærmeste overordnede [...]"
Når vi har oppdaga eit avvik, følgjer vi denne prosedyren:
- Kva er årsaka til avviket?
- Kva skal vi gjere no: reparere, kaste eller stoppe all produksjon?
- Kva må vi gjere for at dette avviket (denne feilen) ikkje skal oppstå i framtida?
- Kva var kostnadene med avviket?
Avvikshandtering er eit svært viktig element i kvalitetssikringa då denne brukt systematisk vil redusere avvik (feil) og såleis redusere avvikskostnadene. Produktiviteten aukar. Eit resultat er òg at produktet blir betre over tid og meir konkurransekraftig i marknaden.
Eksempel på tabell for avviksrapport
Mål | Ferdige mål | Mål i følge teikning | Tillatt avvik ifølge ISO | Mitt avvik |
---|---|---|---|---|
A |
|
|
|
|
B |
|
|
|
|
C |
|
|
|
|
D |
|
|
|
|