Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvalitetssikringsprosessen

Kvalitetssikring er ein prosess som vi aldri blir ferdige med, den varer heile tida.

Kvalitetsplanlegging

Kvalitetssikringsprosessen omfattar tre steg:

  • kvalitetsplanlegging
  • kvalitetsstyring
  • kvalitetsforbetring

Kvalitetsplanlegging er det vi gjer før produksjon med planlegging og førebuing for å unngå at avvik (feil) skal skje. Ein planlegg aktiviteten og beskriv korleis alt skal utførast i ein prosedyre. Vi kan gjerne kalle ein prosedyre for ein instruks eller ei arbeidsbeskriving.

Kvalitetsstyring

Kvalitetsstyring er det vi gjer under og etter produksjonen for å sjekke at kvaliteten er oppnådd, og eventuelt å korrigere/reparere.

Gjennom og etter utføring blir handlingane og resultata dokumenterte, det vil seie skrivne ned ved kvittering, gjennom rapportar eller enkle sjekklister som blir oppbevarte for ettertida.

Kvalitetsforbedring

Etter ein produksjonsserie eller eit prosjekt ser ein tilbake på kva som har skjedd, og ser om ein kan forbetre noko til neste gong.

Dersom det oppstår avvik, blir det dokumentert (skrive) i ein avviksrapport der ein prøver å finne årsaka. Deretter kan ein ta stilling til kva som skal gjerast for å korrigere feilen i eit kort perspektiv. Deretter ser ein på kva ein skal gjere for å hindre dette i å skje i framtida. Kostnader ved avvik blir òg registrerte slik at bedrifta kan styre etter dette.

Kontroll og overvaking

Vi skal òg merke oss at kontroll og overvaking i samband med kvalitetsstyring av produksjonen ikkje vil seie kontroll av dei tilsette, men kontroll av produksjonsprosessen og produkta for å forbetre og effektivisere produksjonsprosessen, og for å forbetre kvaliteten på produkta! Dette vil sikre vår eigen arbeidsplass og vår eiga framtid!

QA/QC

På engelsk blir kvalitetssikringssystemet kalla QA/QC som betyr: Quality Assurance / Quality Control. Vi har to ledd av QA og QC.