Hopp til innhald

Fagstoff

Stille inn, starte og stoppe maskina

Det er viktig at du programmerer CNC-maskina riktig før oppstart, og at du veit korleis du stopper ho om det skulle vere nødvendig.
Ein person som står føre ei CNC-maskin og trykker på beteningspanelet med høgre hand. Har fjernkontroll til maskina i venstre hand. I bakgrunnen eit oppspent arbeidsemne på ei maskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikker oppstart av maskina

Før du kan starte å omarbeide arbeidsemnet, må du gjere nokre grunnleggande programmeringar. Du har som oftast eit G-kodeprogram som skal køyrast for å produsere delen, men det er også nødvendig å gi CNC-maskina informasjon om arbeidsemnet ditt – til dømes kor langt det er, kva diameter det har, og kvar du vil sette programnullpunkta. Du må også sjekke at verktøyet du har valt i programmet, stemmer med det verktøyet som står i maskina.

Val av nullpunkt

Arbeidsemne oppspent i ein kjoks med bakkar.  Både maskinnullpunktet og nullpunktet til arbeidsstykket er markert med eit origosymbol. Avstanden mellom maskinnullpunkt og nullpunktet til arbeidsemnet er angitt med verdien Z. Illustrasjon.

Før du startar dreiebenken, må du definere maskinnullpunktet slik at maskina veit kvar ho skal starte å jobbe.

Nullpunkta fortel CNC-dreiebenken kor langt utstikk arbeidsemnet har, kvar kjoksen er plassert, og kor stor diameter arbeidsemnet har.

Val av verktøy

Dei fleste CNC-styrte dreiebenkene har eit verktøymagasin som inneheld mange ulike verktøy, til dømes faste dreiestål, faste bor og roterande verktøy som freseverktøy.

Ulike dreieverktøy monterte i eit verktøymagasin på ein CNC-dreiebenk. Foto.

Det er veldig viktig at verktøya i dei ulike posisjonane i verktøymagasinet stemmer med dei verktøya du nyttar i programmet. Viss dei ikkje gjer det, kan det vere enklare å forandre programmet enn å flytte om på verktøya i magasinet.

Du må også kontrollere at dei ulike verktøya er programmerte riktig i datasystemet til maskina. Viss nokon har bytt ut verktøy og gjort ein dårleg justeringsjobb, kjem du til å få eit dårleg resultat. I verste fall vil verktøyet, arbeidsemnet og kjoksen kollidere.

Beteningspanel med skjerm for ein CNC dreiebenk. Skjermen viser ei simulering av ein dreieoperasjon. I tillegg er det knappar og tastatur for å programmere. Foto.

Val av program

Når du programmerer, må du vite kva verktøy som er tilgjengelege i dreiebenken, kva materiale du skal jobbe med, og kor stort arbeidsemnet er. Desse tala og verktøya må du legge inn i programmet om du ønsker å få eit korrekt resultat og vil unngå kollisjonar eller andre skadar.

Programmering

For å starte ein CNC-styrt dreiebenk må alle verneinnretningane stå i rett posisjon, og du må velje eit program. Du kan programmere direkte på maskina eller legge inn eit ferdig program som du har utvikla, anten ved manuell programmering eller ved automatisk programmering frå ei teikning.

Beteningspanel med to hjul og fleire knappar i ulike fargar. Foto.

Det finst òg CNC-styrte dreiebenker som kan betenast manuelt. På desse kan du dreie ved å betene knappar og hjul på beteningspanelet. Viss du gjer dette, må du vere spesielt forsiktig. Du kjenner nemleg ikkje kor stor motstand dreiestålet har mot arbeidsemnet, fordi det er elektriske motorar som beveger verktøyet.

Start og stopp av dreiebenken

Når du har festa arbeidsemnet, programmert nullpunkt, sjekka verktøya i verktøymagasinet, lagt inn eit program og sjekka verneinnretningane, er du klar til å starte maskina.

Dei fleste dreiebenkene må du aktivere ved å trykke på ein startknapp som koplar inn motoren og startar programmet. Alle CNC-styrte dreiebenkene har ein brytar som lar deg justere kor fort maskina skal køyre dei operasjonane du har programmert. Farten blir oftast vist som ein verdi på ein skala frå 0 til 100 %.

Når du skal køyre eit program for første gong, er det viktig at du vrir denne brytaren ned til null og aukar gradvis mens du overvaker om maskina beveger seg slik du har programmert. Det er viktig at du overvaker heile programmet. Du må stå klar til å avbryte programmet med nødstopp eller ved å justere ned farten til 0 % viss du oppdagar unormale bevegelsar, unormale lydar eller feil val av verktøy.

Ein CNC-styrt dreiebenk stoppar automatisk etter at han har gjennomført heile programmet. Då begynner den grøne lampa å lyse. Enkelte maskiner har eit lite lydsignal som markerer at programmet er avslutta.

No kan du opne verneskjermen og losne arbeidsstykket ved å opne kjoksen manuelt eller med fotpedal. Skal du lage fleire like delar, kan du feste eit nytt arbeidsemne og køyre programmet på nytt. Du veit då at programmet fungerer som forventa.

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Til kvart spørsmål kan det finnast fleire rette svaralternativ.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 26.05.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk