Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ein CNC-styrt dreiebenk er utrusta med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane.

Nødstopp og verneinnretningar

Ein CNC-styrt dreiebenk har fleire ulike nødstopp og verneinnretningar du må kjenne til. Trykk på symbola i biletet nedanfor for å få informasjon om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten.

Instruksjonsmanual

  • Dreiebenker kan vere utstyrte med spesielle sikkerheits-komponentar, eller dei kan vere bygde til spesiell bruk.

  • Det er derfor viktig at du les instruksjonsmanualen for dreiebenken du skal jobbe på, for å finne ut om han har slike spesielle innretningar.

Nødstoppbrytar

Nødstoppbryter på beteningspanel for båndsag. Foto.
  • Ein nødstoppbrytar er ein raud trykkbrytar med tydeleg gul merking rundt knappen. Det kan også stå eit symbol saman med brytaren.

  • Etter at du har trykt inn brytaren, må du vri han for å sette han tilbake i normalposisjon. Piler oppå brytarknappen signaliserer kva veg du skal vri.

  • Utforminga av nødstoppbrytaren er standardisert og blir brukt over heile verda.

Vernedeksel

  • Vernedekselet skal først og fremst verne deg mot den roterande kjoksen.

  • Dekselet hindrar at lause delar blir kasta ut i rommet, og at du hektar deg fast i roterande delar.

  • Vernedekselet skal også hindre deg i å starte dreiebenken med kjoksnøkkelen montert.

  • Viss du opnar vernedekselet under dreiing, skal dreiebenken stoppe. Du skal ikkje kunne starte dreiebenken igjen før dekselet er lukka.

Sprutskjerm

  • Sprutskjermen vernar deg mot spon som kan sprute frå dreiestålet under dreiing.

  • Sprutskjermen kan vere kopla til ein sikkerheitsbrytar som stoppar dreiebenken viss du opnar eller fjernar skjermen under dreiing.

  • Sikkerheitsbrytaren skal også sørge for at maskina ikkje startar når skjermen ikkje er plassert i riktig posisjon.

Fotbrems

  • Viss du tråkkar på fotbremsa under dreiing, kuttar ho straumen til motoren og bremsar kjoksen.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk dreiebenken, må du alltid gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss eitt eller fleire nødstopp eller verneinnretningar ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke dreiebenken. Ta kontakt med læraren din eller med ein annan ansvarleg person som sørger for vedlikehald og reparasjon av dreiebenken.

  • Så lenge dreiebenken er i ustand, må han vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein hengelås eller barrikade.

  • Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsette seg for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla nedanfor. Det kan vere fleire rette svar på kvart spørsmål.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for CNC-dreiebenk