Introduksjon CNC-dreiebenk
Dreiebenken er ei stor maskin som kan vere farleg. Derfor må du kjenne til dei ulike risikomomenta, til HMS-krava og til verneinnretningane på maskina.
CNC-styrte maskiner utfører arbeidet etter ein kode, og du må til kvar tid vere merksam på korleis maskina beveger seg.
For å få sikkerheitsklarering må du gjennomføre ei teoretisk og praktisk opplæring. Du må bevise for læraren at du kjenner til risikomoment og nødvendig verneutstyr, og at du veit korleis verneinnretningane på maskina fungerer.
Når du har sett deg inn i den teoretiske delen, tek du kontakt med læraren din for ein praktisk demonstrasjon. Læraren avgjer så om du har tilstrekkeleg kompetanse til å betene maskina.
Framgangsmåte
Gjennomfør den teoretiske opplæringa.
Svar på kontrollspørsmåla til teoristoffet.
Gjer deg kjend med CNC-dreiebenken de har på verkstaden.
Skriv ut eigenerklæringsskjemaet som ligg på denne sida, og signer ho.
Ta kontakt med læraren og lever skjemaet.
Demonstrer for læraren at du også i praksis har kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å betene maskina på ein sikker måte.
Læraren vurderer deg og gir deg sikkerheitsklarering ved å signere på eigenerklæringsskjemaet ditt.