Skifte av kapp- og slipeskive
Ved montering og demontering av kapp- og slipeskive er det viktig at du følger sikkerheitsreglane som gjeld for dette.
Demontering:
Alltid ta ut straumkontakten eller batteriet.
Lås spindelen med sperreknappen eller spesialverktøy.
Demonter låsemutteren med spesialverktøyet til vinkelsliparen.
Ta av kapp- eller slipeskiva.
Reingjer anleggsflata på vinkelsliparen.
Montering:
Alltid ta ut straumkontakten eller batteriet.
Reingjer anleggsflatene for kapp- og slipeskiva på spindelen.
Sjekk skiva for skadar.
Kontroller at diameteren på skiva ikkje er større enn det som er godkjent på merkeplata til vinkelsliparen.
Kontroller at det godkjende turtalet for skiva ikkje er mindre enn det som er godkjent på merkeplata til vinkelsliparen.
Monter skiva med teksten opp mot vinkelsliparen.
Monter låsemutteren med fingrane, sjekk at skiva er sentrert.
Lås spindelen med sperreknappen eller spesialverktøy.
Stram låsemutteren godt med spesialverktøyet til vinkelsliparen.
Sett i straumkontakt eller batteri.
Start vinkelsliparen og køyr han i friluft i 30 sekund for å sjekke at skiva ikkje har nokre skadar før du begynner å omarbeide arbeidsemnet.
Vel dei ulike komponentane på biletet for å få informasjon om kva dei er, og kva funksjon dei har.
Dei ulike skjereverktøya som kan monterast på vinkelsliparen, har standardisert merking.
På biletet kan du få ytterlegare informasjon om kva merkinga betyr.