Hopp til innhald

Fagstoff

Verneinnretningar på ein vinkelslipar

Vinkelsliparen er utstyrt med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for skadar når han blir brukt. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane.
Person som bruker vinkelslipar på ein stor stålkonstruksjon. Personen bruker verneutstyr, og slipinga gir mykje gneistesprut. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verneinnretningane på vinkelsliparen

Vinkelsliparen er utstyrt med ein kombinert sprut- og verneskjerm.

Vinkelsliparen har ingen nødstopp, men han har ein fjærande startknapp som automatisk returnerer til av-posisjon når han blir sleppt. Då stoppar vinkelsliparen.

Trykk på symbola i biletet for å få informasjon om komponentane og verneinnretningane til vinkelsliparen, eller les fagteksten under.

Handtak

Det er viktig at du får eit godt og stabilt greip på vinkelsliparen før du startar motoren.

Dei aller fleste vinkelsliparane er berekna på tohandsgrep, der ei hand er plassert på handtaket ved startbrytaren, og den andre handa er plassert på det ekstra handtaket. På dei fleste vinkelsliparar kan dette handtaket flyttast mellom høgre og venstre side, slik at du kan tilpasse vinkelsliparen til arbeidsområdet. Det gir òg god tilpassing uavhengig av om du er høgre- eller venstrehendt.

Startknapp

Startknappen startar motoren. Denne kan ha ulik utforming. På nokre vinkelsliparar må han skyvast fram, mens på andre må han klemmast inn. Han kan òg vere utrusta med ein sikkerheitsknapp som må trykkast inn før du får aktivert startknappen.

Det er viktig at du sjekkar om startknappen returnerer til av-posisjon før du koplar vinkelsliparen til eit straumuttak eller koplar til batteriet.

Låseknapp

Låseknappen/sperreknappen blir nytta for å låse spindelen ved skifte av kapp- eller slipeskive.

Det er viktig at denne låseknappen ikkje er aktivert ved oppstart av eller tilkopling av vinkelsliparen.

Sprut- og verneskjerm

Sprut- og verneskjermen skal verne deg og omgivnadene mot gneistesprut og eventuelle lause komponentar som kan komme ved sliping.

Skjermen er justerbar, og det er viktig at du justerer han slik at han vernar deg sjølv og omgivnadene.

Husk å ta ut leidningen eller batteriet før du justerer sprut- og verneskjermen.

Kapp- eller slipeskive

Før du koplar vinkelsliparen til straumuttak eller batteri, må du sjekke at slipeverktøyet er forsvarleg festa, at han ikkje er skadd, og at skiva er tilpassa vinkelsliparen din.

Du må sjekke slipeskiva for skadar både ved å sjå nøye på ho og ved å knipse lett på ho for å høyre om ho er skadd. Ei skive med skadar kan fort gå i oppløysing under arbeid, og delar frå skiva kan kastast ut i rommet og føre til store skadar.

Det er òg viktig at diameteren og turtalsgodkjenninga til skiva stemmer med den vinkelsliparen ho står montert i.

Leidning

Vinkelsliparen er ei handhalden maskin, og han har anten ein leidning eller eit batteri til energitilførsel.

Det er viktig å sjekke at leidningen eller batteriet ikkje har nokre skadar i form av sprekkar eller manglande isolering på leidningar, for slike skadar kan medføre fare for deg som nyttar vinkelsliparen.

Avvik

Viss verneinnretningar ikkje fungerer slik dei skal, eller viss du oppdagar skadar på maskina, kan du ikkje bruke ho. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som sørger for vedlikehald og reparasjon av vinkelsliparen.

Så lenge vinkelsliparen er i ustand, må han vere merkt. Det er viktig at ingen kan slå på vinkelsliparen og utsetje seg for fare.

Kontrollspørsmål

Dra rett nemning inn på rett posisjon på biletet.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring for vinkelsliper