Sikker oppspenning av arbeidsemne
Du spenner opp arbeidsemnet i ein kjoks. Kjoksen har klembakkar som pressar mot arbeidsemnet og held det på plass. Bakkane justerer du med ein kjoksnøkkel.
Det er viktig at vernedekselet over kjoksen er opent medan du spenner opp arbeidsemnet, og at sikkerheitsbrytaren verkar. På den måten kan ikkje kjoksen begynne å rotere viss nokon kjem borti startspaken.
Det finst fleire ulike kjoksar og klembakkar. Klikk på symbola i biletet for å lese meir om dei ulike komponentane og kva funksjon dei har – eller les fagteksten nedanfor.
Kjoks
Kjoksar finst i ulike storleikar og utformingar, og dei har klembakkar som pressar mot arbeidsemnet og held det på plass. Bakkane blir justerte med ein kjoksnøkkel.
Sjølvsentrerande kjoksar har tre bakkar som blir justerte samtidig slik at arbeidsemnet automatisk blir sentrert.
Ein annan type kjoks er 4-bakkskiva, som er ein kjoks med fire bakkar som kan justerast individuelt. Det gjer sentreringa litt meir utfordrande, men til gjengjeld kan vi med ei 4-bakkskive spenne fast firkanta eller ovale arbeidsemne.
Klembakke
Bakkar finst i både harde og mjuke materiale, alt etter kva slags emne vi skal spenne opp. Bakkane kan brukast til innvendig eller utvendig oppspenning av arbeidsemnet. Eit røyrforma arbeidsemne kan til dømes krevje innvendig oppspenning.
Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.