Hopp til innhald

Fagstoff

Nødstopp og verneinnretningar

Ein dreiebenk er utrusta med ulike verneinnretningar for å redusere risikoen for uhell og skadar. Her får du eit innblikk i desse verneinnretningane og andre viktige komponentar.

Nødstopp og verneinnretningar

Ein dreiebenk har fleire verneinnretningar du må kjenne til. Du må også ta ein funksjonstest av desse innretningane før du tek i bruk dreiebenken.

Klikk på symbola i biletet nedanfor for å få informasjon om dei ulike komponentane og funksjonane – eller les fagteksten.

Instruksjonsmanual

Dreiebenker kan vere utstyrte med spesielle sikkerheitskomponentar, eller dei kan vere bygde til spesiell bruk. Det er derfor viktig at du les instruksjonsmanualen for dreiebenken du skal jobbe på, for å finne ut om han har slike spesielle innretningar.

Nødstopp

Dreiebenken skal ha minimum éin nødstoppbrytar, som er ein raud trykkbrytar med tydeleg gul merking rundt knappen. Det kan også stå eit symbol saman med brytaren. Nødstoppbrytaren skal vere montert slik at han er enkel å sjå og enkel å betene viss det oppstår ein nødssituasjon.

Etter at du har trykt inn nødstoppbrytaren, må du vri han lett mot høgre for å setje han tilbake i normalposisjon. Piler oppå brytarknappen vil også vise kva veg du skal vri han.

Utforminga av nødstoppbrytaren er standardisert og blir brukt over heile verda.

Vernedeksel

Vernedekselet skal først og fremst verne deg mot den roterande kjoksen.

Dekselet forhindrar at lause delar blir kasta ut i rommet, og at du hektar deg fast i roterande delar.

Vernedekselet er også kopla til en sikkerheitsbrytar som stoppar dreiebenken viss du opnar dekselet under dreiing. Du skal ikkje kunne starte dreiebenken igjen før dekselet er lukka. Denne sikkerheitsfunksjonen hindrar deg dessutan i å starte dreiebenken med kjoksnøkkelen montert, sidan du då ikkje får lukka vernedekselet.

Sprutskjerm

Sprutskjermen vernar deg mot spon frå dreiestålet under dreiing.

Sprutskjermen kan vere kopla til ein sikkerheitsbrytar som stoppar dreiebenken viss du opnar eller fjernar skjermen under dreiing. Sikkerheitsfunksjonen skal også sørge for at maskina ikkje startar når skjermen ikkje står i rett posisjon.

Fotbremse

Viss du tråkkar på fotbremsen under dreiing, kuttar han straumen til motoren og bremsar kjoksen.

Funksjonstest før bruk

  • Før du tek i bruk dreiebenken, må du gjennomføre ein funksjonstest av verneinnretningane. Alt av verneinnretningar må fungere.

  • Viss nødstoppbrytaren eller ei verneinnretning ikkje fungerer slik dei skal, kan du ikkje bruke dreiebenken. Ta kontakt med læraren din eller ein annan ansvarleg person som kan sørge for at dreiebenken blir reparert.

  • Så lenge dreiebenken er i ustand, må han vere merkt, eller hovudstraumbrytaren må vere stengd av med ein hengelås eller barrikade. Det er viktig at ingen kan slå på maskina og utsetje seg for fare. 

Kontrollspørsmål

Svar på kontrollspørsmåla. Kvar oppgåve kan ha fleire rette svar.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2023

Læringsressursar

Dokumentert sikkerheitsopplæring for dreiebenk