Oppsummering
Du har no fått ei innføring i sikker bruk av ein dreiebenk. Då står det att ein praktisk demonstrasjon på verkstaden før du kan få godkjent sikkerheitsopplæringa.
Dette har du lært om dreiebenken
Du har fått sjå ein introduksjonsfilm om sikker bruk av ein dreiebenk.
Du har også fått informasjon om kva risikomoment du kan bli utsett for, og kva verneutstyr du må bruke for å redusere risikoen for å bli skadd.
I tillegg har du fått informasjon om korleis dreiebenken er bygd opp, kva verneinnretningar som finst, og korleis du spenner opp arbeidsemnet og stiller inn maskina før bruk.
Du er no klar for den praktiske gjennomgangen.
Praktisk gjennomgang på verkstaden
Du skal no gå på verkstaden og sjå på dei ulike dreiebenkene de har. Det er viktig at du set deg inn i verneinnretningane for dei ulike maskinene fordi dei kan vere ulikt utforma.
Når du sjølv meiner du har god nok kunnskap om sikker bruk av ein dreiebenk, fyller du ut eigenerklæringa. Eigenerklæringa tek du med til læraren når du skal gjennomføre den praktiske demonstrasjonen.
Hugs: Du førebur deg ved å gjennomføre opplæringa, men det er læraren som avgjer om du har tilstrekkeleg kompetanse til å bruke maskina.