Hopp til innhald
Fagartikkel

Eg bidreg til berekraftig forbruk

Som enkeltpersonar kan vi velje å leggje om forbruket vårt i ei meir berekraftig retning, men det har større effekt viss mange gjer det same. Få med deg vennene dine og bruk forbrukarmakta til å påverke dei som sel varer og tenester!

Forbrukarmakt for berekraft

Som forbrukarar kan vi påverke kva for varer og tenester som blir tilbodne. Viss det er mange nok som går inn for å kjøpe eit produkt eller ein bestemt type varer, vil dette bli lagt merke til av dei som produserer og sel vara. Fleire butikkar vil kanskje begynne å tilby ho. Dermed blir ho lettare tilgjengeleg, og endå fleire får moglegheita til å kjøpe ho.

I motsett fall kan redusert sal skape merksemd rundt ei bestemt problemstilling. I 2012 blei det sett i gang ein kampanje mot produkt som inneheldt palmeolje. Mange forbrukarar begynte å unngå desse produkta. Produsentane tok signala, og i dag er forbruket av palmeolje redusert med 2/3. Andre døme på slike forbrukarkampanjar er kravet om hagejord utan torv, og krav om openheit rundt arbeidstilhøve i tekstilfabrikkar.

Merka for berekraft

Det er krevjande å orientere seg om alle sider ved produkt og tenester som blir tilbodne, men fleire merkeordningar vil gjere det lettare for oss forbrukarar å velje det som er mest berekraftig.

Her er fleire døme på kva forbrukarmakt kan vere:

  • Spør i butikken etter dei produkta du vil ha.
  • Kjøp dei mest berekraftige produkta (eller få foreldra dine til å gjere det).
  • Ta direkte kontakt med dei som lagar vara, ved å ringe, skrive e-post eller skrive innlegg på Facebook-sida deira. Ver høfleg og sakleg, uansett medium.
  • Lag ein underskriftskampanje ( Underskrift.no, Opprop.net).
  • Kontakt organisasjonar som støttar synet ditt, for å få forslag til kva du kan gjere. Dette kan skape tyngde bak ønsket ditt.
  • Forbrukerrådet er ein interesseorganisasjon for forbrukarar. Dei kan gi råd og hjelp i forbrukarsaker.

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Best i test!

Lag ein forbrukar-reportasje der du vurderer ei varegruppe på bakgrunn av ei rekke berekraft-kriterium.

CC BY-SA 4.0Skrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 21.02.2019